Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonar og rorskarar

Måren var ein av stadene der det var skysskifte. Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK.

Måren var ein av stadene der det var skysskifte. Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK.

I 1648 vart skyssordninga i Noreg organisert. Det vart skipa skysstasjonar langs kysten, i fjordane og i dalføra, og innført skyssplikt. Plikta innebar at bønder og andre småkårsfolk måtte sleppe arbeidet og stille som skysskarar når skysskaffaren på skysstasjonen kalla dei inn.

Arbeidet som skysskar eller rorskar måte dei utføre utan vederlag, og plikta galdt all skyssing av "Kongens og kyrkjas menn" - d.v.s. embetsmenn. Dei som ikkje oppfylte skyssplikta, fekk bøter og straff.

I bygdene på sørsida vart folk støtt og stadig dregne for retten på 1600- og 1700-talet fordi dei nekta å utføre rorsplikta. Plikta til å stille gratis som rorskar eller kusk vart ikkje oppheva før i 1816.

Langs nordsida av ytre Sognefjorden var det skysskifte i Leirvik, Værholmen vest for Lavik, Klævoll ved utløpet av Vadheimsfjorden, i Måren og på den gamle futegarden Flesje ved Balestrand. Postruta som vart sett opp noko seinare på 1600-talet, gjekk innom futesetet Alværa og offisersgarden Måren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.09.2010