Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonar og skyssplikt i Førde

Hesteskyss ved Hafstad Hotell, truleg ein gong rundt 1900. Ukjend fotograf. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Hesteskyss ved Hafstad Hotell, truleg ein gong rundt 1900. Ukjend fotograf. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Heilt frå 1100-talet måtte bønder og kystfolk stille opp som gratis rorskarar eller kuskar for embetsmenn, adel og geistlege når dei var ute på reise kringom i kongeriket.

Skyssplikta galdt også familiemedlemmer til den same overklassen. Antan det var slåttonn eller sesong for sildefiske, så måtte folk sleppe det dei hadde i hendene og stille opp som skyssmannskap. I 1648 vart skyssplikta fast organisert ved skiping av skysstasjonar langs kysten og fjordane, og langs dei viktigaste ferdsleårene innanlands.

Skyssvogna frå Halbrend vart siste gong brukt i bryllaupet til Elbjørg og Hans Petter Larsen i 1972. På kuskesetet Edna og Hallvard Hornnes. Foto: Reiakvam.

Skyssvogna frå Halbrend vart siste gong brukt i bryllaupet til Elbjørg og Hans Petter Larsen i 1972. På kuskesetet Edna og Hallvard Hornnes. Foto: Reiakvam.

På skysstasjonen hadde skysskaffaren til oppgåve å kalle inn mannskap til teneste når øvrigheita kravde det.

Då Den trondhjemske Postvei vart bygd i 1785, vart skysstasjonen i Førde plassert på garden Hafstad, der sentrum sør ligg i dag. På Hafstad var det også «korrespondanse» med ei rodd skyssrute vestover Førdefjorden til skysskifta i Naustdal, Tingneset i Vevring, og vidare vestover til kysten, der dei næraste skysstasjonane låg i Sauesund ved Askvoll, i Hellevik ved Stavang og i Furesundet ved Florø.

Den staselege, men noko nedstøva firehjuls kalesjevogna stod i 2007 på ein låve, men skal med tida få ei meir standsmessig plassering i eit gardsmuséum på Halbrend. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den staselege, men noko nedstøva firehjuls kalesjevogna stod i 2007 på ein låve, men skal med tida få ei meir standsmessig plassering i eit gardsmuséum på Halbrend. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ny veg og nye skysstasjonar

Skyssplikta var naturleg nok ei forhatt ordning, og noko av det første som Stortinget gjorde etter 1814, var å avskaffe skyssplikta: Frå 1816 vart arbeidet som skysskar eit løna arbeid, men utgiftene til skyssing av offentlege tenestemenn vart utlikna på landdistrikta.

Etter ei lov om «Skydsvæsenet» frå 1848 vart det skipa ei mengd nye skysstasjonar langs dei viktigaste ferdslerutene både på land og sjø. Såleis kom det skysstasjonar både i Vadheim, på Sande, på Langeland, i Førde og på Vassenden, og kvar skysstasjon vart utstyrt for å kunne gje reisande både bevertning og husrom.

Då bilen tok over trafikken på strekninga Vadheim-Sandane frå 1912 og utover, vart hesteskyssen og skysstasjonane på strekninga lagde ned. I Heljetunet på Halbrend er det teke vare på ei firhjula skyssvogn frå den tida då hesteskyssen rådde.

Frå Hafstadfjellet har ein god utsikt over Førdejorden. Vegen til Naustdal går langs fjorden til høgre i biletet. Deler av Førde sentrum er å sjå til høgre i biletet, medan Halbrendslia er til venstre. Foto: Bjørn Høyvik

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 23.11.2010