Hopp til innhold
X
Innhald

Snøskred stengde vegar i Fjærland

Vegfyllinga over Bøyaøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegfyllinga over Bøyaøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stengde vegar på grunn av snøras har vore kvardagen for mange av dei som bur i Fjærland.

Den som skapte mest bry, var «Skreda». Dette er den store snøfonna som går heilt i fjorden mellom Bøyum om Mundal. For å få bukt med problemet, vart vegen i 1923 bygt framom fonna på ei fylling som går langt ute frå land. Også kraftlina vart lagt langt ute på elvedeltaet for å hindre straumbrot.

Vinteren 2011 gjekk det eit kjempeskred, men det nådde ikkje vegen. Foto: Steinar Lote, NRK.

Vinteren 2011 gjekk det eit kjempeskred, men det nådde ikkje vegen. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011