Faktaboks

Sognefjellet

Dølafjell (i Sogn)

Sognefjellet
Riksveg 55 over Sognefjellet.
Fantestein
Sognefjellsvegen ved Fantestein. Postkort frå 1946. Den fyrste bilen kjørte over Sognefjellet i 1938.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PDM

Sognefjellet er fjellpartiet på grensa mellom Gudbrandsdalen og Indre Sogn, mellom Bøverdalen i Lom og Fortundalen i Luster.

Over Sognefjellet går Sognefjellsvegen (fylkesveg 55) opp Bøverdalen til Krossbu, så sør for den høgaste ryggen (1500–1600 moh.) av Sognefjellet til Turtagrø og videre ned til Fortun. Det høgaste punktet på vegen, Fantesteinen, 1434 moh., er også det høgaste punktet på hovedvegnettet i Noreg.

Vedrørande kraftutbygging, sjå Fortunsvassdraget.

Historie

Alt i mellomalderen gjekk ein varda ferdselsveg over Sognefjellet. Før utbygginga av jernbane, veg og dampskip på Austlandet på 1800-talet var vegen over fjellet til Sogn og Bergen mykje stuttare og snarare for lomværar og norddølar enn ned Gudbrandsdalen til Kristiania. Heilt fram til 1800-talet vart det henta korn over Sognefjellet med hest og slede på vinteren og kløv på sommaren.

Den nye interessa for friluftsliv mot slutten av hundreåret sette fart i utbygginga av turistkvarter og seinare veg. Bøvertun opna i 1863, og Turtagrø fekk to hotell i 1888. Krossbu tok imot gjester frå 1902, og i 1915 vart det bygd ein kjøreveg hit frå Bøverdalen. Sognefjellsvegen vart bygd som nødsarbeid mellom 1936 og 1938. I 1948 stod Sognefjellshytta ferdig.

Kart

Sognefjellet
Sognefjellet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg