
Sognefjellsvegen
Vegen over Sognefjellet har vore i bruk frå eldgamal tid.
Hovudvegen for gudbrandsdølene vestover
Frå eldgamal tid har vegen over Sognefjellet mellom Bøverdalen og Fortun i Luster vore hovudsambandet vestover for gudbrandsdølene. Den har vore «saltveg» - dvs. ein ferdsleveg for innlandsbønder som reiste vestover mot havsida for å skaffe seg salt.
Ein likande saltveg gjekk også over Filefjell og over høgfjellet mellom Lærdal og Årdal fram til Fodnes.
Litt lengre nord hadde særleg dei som budde øvst i Ottadalen ein vel så kort veg over Strynefjellet når dei skulle vestover, men for ruta mot handelsstaden Bergen var dette ein omveg samanlikna med å reise gjennom Sogn.
Sogningar busette seg austafjells
Forskarar ser det òg sannsynleg at dei øvste dalstroka austafjells er folkesette av folk som kom vestafrå over Sognefjellet.
Nemnd på 1400-talet
Sognefjellsvegen er nemnd i skriftlege kjelder frå 1400-talet, då nokre bønder frå Lom vart pålagde å gjere vegen over fjellet farande. Dette tyder truleg at dei m.a. skulle merke vegen skikkeleg og hadde vedlikehaldsplikt på steinbruer - kan hende også overnattingsbuer. Ved Krossbu finn ein enno restar etter ei gamal fjellbu der reisande har søkt ly i eldre tider. Grunnen til at folk frå Ottadalen orienterte seg så sterkt vestover, hang m.a. saman med at desse bygdene ikkje fekk køyreveg fram til Lom frå austsida før kring 1865.

Utsyn frå oppstigninga til Fanaråken. Vi ser Helgedalen med Turtagrø midt i biletet og ein liten flik av Lustrafjorden ved Skjolden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Handelsrute over Sognefjellet
At det har vore stor ferdsle over Sognefjellet frå gamal tid, finn vi også i lokale stadnamn: I Fortun finst ein stad som kallast Lomsvollane. Her skulle lomsværigane ha fri hamnehage for kløv- og ridehestar og bufe som dei tok i drifter vest om fjellet.
Tragediar på Sognefjellet
I naudsår vart dalfolket austafjells ofte tvinga til å reise vestover for å skaffe mat. Då stod det ofte om livet når stormen sette inn. Namn som Krosshø og Krossbu ber vitne om tragediar der folk har har sett livet til på fjellet.
Potetene kom vestfrå
På Gudbrandsdals-sida reknar ein med at skikken med å dyrke poteter vart adoptert frå Sogn. Alt i 1765 er det kjent at det vart sådd poteter i Ytre Kroken. Døler som hadde vore teneste i Sogn, tok med seg poteter heim att.

Fantesteinen på Sognefjellet. Foto: Rita Birkeland.
1600 hestar i året
At trafikken og varebytet over Sognefjellet var stor før køyrevegen kom, vitnar eit minne frå 1850 om: Då møtte ein bøverdaling 47 kløvhestar på rekkje og rad ein gong han drog over fjellet. I 1889 vart det i Fortun talt 1600 hestar som kom over fjellet!
«Å rekkje sygn»
På austsida finst eit originalt uttrykk frå den tida Sognefjellet var kløvsti: «Å rekkje sygn». Dette skal skrive seg frå at sogningane aldri gjekk to og to i breidda - men alltid etter kvarande når dei ferdast i fjellet. Grunnen skulle vere at sogningane var vane med å gå slik på grunn av smale stiar i ulendt terreng i heimemarka på vestsida!
Veg til utvandring
Det var også Sognefjellet som vart nytta av dei første gudbrandsdølene som utvandra til Amerika på 1840- og 1850-talet. Slike ferder drog gjerne heimanfrå om våren, og folk kan minnest at dølene drog frå bygdene i store fylgje. Dei hadde til og med med seg spinnerokken når dei drog!
Brotsverk og landevegsrøvarar
Skreppekarar og kløvferder over det aude Sognefjellet vart eit freistande bytte for tjuvar som hadde vondt i sinne. Fleire stadnamn minner om dette, mellom anna Fantesteinen, der landevegsrøvarar truleg søkte ly. Steinen ligg på Sognefjellvegens høgaste punkt.
Kjentfolk over Sognefjellet
Sognefjellet vart ikkje berre nytta som sambandsveg av folk i bygdene omkring. Også embetsfolk og anna «fintfolk» reiste over fjellet.
Køyrevegen over Sognefjellet
Første planen for ein køyreveg over Sognefjellet vart lansert i 1896, og vegen sto ferdig i 1938. Sognefjellsvegen fekk status som nasjonal turistveg i 1997.

Påskeutfart på Sognefjellet. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 07.09.2020