Stamvegen Oslo-Bergen

Då Lærdalstunnelen vart opna kunne folk køyre mellom Oslo og Bergen utan å måtte ta ferje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter hard strid mellom vegalternativa over Hardangervidda, Aurland-Hallingdal og Lærdal-Valdres, vedtok Stortinget i 1992 at den framtidige stamvegen mellom Oslo og Bergen skulle gå over Filefjell.
Dåverande samferdsleminister Kjell Opseth får mykje av æra for at Filefjells-alternativet vann. For å vinne fleirtal, lova han SV å framskunde bygging av jernbane i tunnel direkte mellom Oslo og Hønefoss, den såkalla Ringeriksbanen.
Dei store tunnelane Flenja-Langhuso og Gudvangatunnelen i Aurland vart opna tidleg på 1990-talet.

Rundkøyringa på Håbakken der E16 tek av til venstre mot Lærdalstunnelen, og riksveg 5 går rett fram mot Lærdalsøyri og Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lærdalstunnelen - verdas lengste
I november 2000 kunne kong Harald opne Lærdalstunnelen - verdas lengste vegtunnel.
Ny europaveg gjennom Lærdal
Etter at Lærdalstunnelen opna i 2000, auka trafikken sterkt, og vegen gjennom Lærdalsdalen er blitt gradvis utbetra og forkorta, m.a. med fleire nye tunnelar.

TV-opptak i samband med at Seltatunnelen på E16 i Lærdalsdalen vart opna i 2003. Ein av bilane til Lærdal Automobilselskap frå ca. 1920, restaurert av Kåre Hovland, var sentral i opningsseremonien. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.05.2011