Hopp til innhold
X
Innhald

Statens vegmeldingssentral

Lærdal veg- og trafikkstasjon på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal veg- og trafikkstasjon på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Statens vegmeldingssentral på Lærdalsøyri vart starta vinteren 1991-1992 - den første tida for å gje trafikkantane oversyn over vinterforhold og stenging av høgfjellsovergangar, rassperringar m.m.

Sidan kom overvaking av tunnelar som ei viktig oppgåve. Frå 1998 har vegmeldingsentralen vore bemanna heile døgnet, og har i 2003 åtte tilsette. Frå april 2005 er sentralen nattestengd.

Vegmeldingssentralen i Lærdal har primært ansvar for vegmeldingar i Sogn og Fjordane, men er knytt til eit landsomfattande vegmeldingsnett, og kan skaffe opplysningar om vegtilhøve over heile landet.

Vegmeldingssentralen har seinare endra nemn til Vegtrafikksentralen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.05.2011