Faktaboks

Administrasjonssenter
Eivindvik
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 230 (2022)
Landareal
577 km²
Høgaste fjell
Svadfjellet (878 moh.)
Innbyggjarnamn
guling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4635 (frå 01.01.2020, tidlegare 1411)

Kommunevåpen

Kart: Gulen kommune i Vestland
Gulen kommune i Vestland fylke.
Kart: Gulen kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Eidsfjorden

Eidslandet

Gulen er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke. Gulen ligg sør for munninga av Sognefjorden.

Gulen heitte Evenvik fram til 1890. I 1858 vart Solund skilt ut som eigen kommune. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1964 då den tidlegare kommunen Brekke blei innlemma, og øya Losna nord for Sognesjøen blei avstått til Solund.

Natur

Brekken

Risnefjorden sett mot Brekke

Gulen består av 80 prosent fastland og 20 prosent øyar. Dei største øyane er Sandøy (31,9 kvadratkilometer), Hisarøy (18,7 kvadratkilometer), Byrknesøy (18,7 kvadratkilometer) og Mjømna (10,3 kvadratkilometer). Fastlandet er sterkt oppskore av Gulafjorden og dens armar. Dei ytste øyane er låge, til dels myrlendte. Dei høgaste fjella finst i aust med Svadfjellet på 878 meter over havet.

Berggrunnen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen, og heilt i sørvest ligg nokre småøyar med devonsk sandstein som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet. I Brekke er den største nedbøren i løpet av eit kalenderår her i landet registrert med 5596 millimeter.

Busetjing

På øyane er busetjinga meir konsentrert enn på fastlandet, særleg på vestsida av dei største øyane som Mjømna, Byrknesøy og Sandøy. Einaste tettstad på øyane er Byrknes ytst på Byrknesøy. Elles er det jamn busetjing langs Sognefjorden og Gulafjorden med ein viss konsentrasjon i andre tettstaden til kommunen, administrasjonssenteret Eivindvik på nordsida av Gulafjorden, kyrkjestaden Brekke og skulestaden Dalsøyra ved Eidsfjorden. Gulen har hatt minkande folketal i heile etterkrigstida, medan folketalet er forventa å liggje omtrent stabilt på omkring 2300 fram til 2050.

Kart over Gulen kommune
Kart over Gulen kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket er dominerande næring og Gulen har den største gjennomsnittlege bruksstorleiken i fylket med 11,5 dekar (1999). Hovudvekta er lagd på storfe-, saue- og fjørfehald. Gulen har det høgaste talet på verpehøner i fylket.

Det blir drive ein del kystfiske og atskilleg fiskeoppdrett. Gulen er ein monaleg havbrukskommune. Fiskeforedlingsbedrifter i Brekke og på Byrknes. På grunn av nærleiken til Mongstad er industrien i vekst, og i Gulen Industrihamn blir det bygd tørrdokk for boreriggar og oljeserviceskip. Her ligg Wergeland Base, der vindturbinane til Hywind Tampen skal setjast saman. I Sløvåg finst avfallshandteringsanlegg og dessutan sementvarefabrikk, Wergeland-Halsvik AS, som er den største bedrifta til kommunen. Turisttrafikken er aukande.

Gulen er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 53 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fire kraftverk i kommunen, og største fallhøgd er 67 meter.

Samferdsel

Gulen

Tingplassen for Gulatinget på Floli. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Gulen har vegsamband med Bergen ved riksveg 57 og E39 sørover frå høvesvis Rutledal og Oppedal ved Sognefjorden. Frå Rutledal og Oppedal er det ferjesamband til nordsiden av Sognefjorden. Bilferjesamband mellom Sløvåg og Leirvåg på Lindåshalvøya (riksveg 57). Brua mellom Sandøy og Mjømna opna i 1995 og brusamband mellom Byrknesøy og Mjømna i 1997. Øyene ble landfaste da bru over Brandangersundet åpnet i 2010. Ekspressbåtsamband går mellom Bergen og høvesvis Sogndal og Selje/Måløy, og går innom Sollibotn vest for Eivindvik og Mjømna.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Gulen høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Nordhordland saman med Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.

Gulen kommune svarer til dei tre soknene Brekke, Gulen og Mjømna i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gulen til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Gulen

For statistiske formål er Gulen kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 16 grunnkrinsar:

  • Mjømna: Eidsbotten, Fivelsdal, Brandanger, Hisarøy, Hille, Mjømna, Byrknes
  • Gulen: Sygnefest, Eivindvik, Nordgulen, Austgulen, Dalsøyra
  • Brekke: Oppedal, Asheim, Brekke, Hjartholm

Historikk og kultur

Steinkrossen i Eivindvik.

Steinkrossen i Eivindvik

Av .
Lisens: CC BY 2.0

I Gulen er det gjort fleire arkeologiske funn. Her er steinalderbuplassar som Flolid, Berge og Blidensol, gravrøysar frå bronsealderen (branngraver) og ei rekkje funn frå yngre jernalder. Gulatinget vart truleg skipa på 800-talet. Der vart mellom anna Magnus Lagabøtes landslov utforma. Tinget låg truleg i Eivindvik, men lokaliseringa av tingstaden er omstridd. På Flolid er det laga ein Gulatingpark, med eit minnesmerke laga av Bård Breivik. I Eivindvik står to store steinkrossar.

På fastlandet i nordvest ligg Dingenes, der Håkon jarl slo kong Ragnfred i 978, som var den siste av sønene til Eirik Blodøks. I Eivindvik står to store steinkors som mest truleg er oppførte i samband med innføringa til kristendommen eller truleg vigsla til den gamle tingstaden.

Sellevåg Treskofabrikk med maskiner og eigen kraftturbin er foreslått verna av Riksantikvaren. Den Trondhjemske postveg går gjennom kommunen. Poståpneriet i Halsvik, som var i drift i perioden 1887 til 1968, er i dag stilt ut i det nye postmuseet på Maihaugen i Lillehammer. Gulen kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1863, påbygd i 1938 og 1963. Ein døypefont i stein frå omtrent år 1000 vart sett inn i kyrkja i 1905. På Verkland er reist ein bauta til minne om Henrik Wergeland, med familie som kom derfrå. På Byrknesøy ligg Gulen Fiskarbondemuseum.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har to utbøygde sølvkors mot ein blå bakgrunn. Dette viser til to steinkors i Eivindvik, som er blant dei første monumenta over kristendommen i Noreg.

Namn

Namnet kjem av norrønt gul, 'vindkast', eller truleg av ei germansk rot geul, norrønt gjól, 'kløft'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dåe, Bjarne, red.: Brekke sokn : herad til 31.12.1963 : tun og ætt, 2003.
  • Engesæter, Ludvig: Brekke herred : ei bygdebok, 1944–1946, to bind.
  • Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, andre utgave, 1996, tre bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg