Hopp til innhold
X
Innhald

Stoppestader i Gulen

Slik såg det ut i Skjerjehamn i 1899. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Slik såg det ut i Skjerjehamn i 1899. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Skjerjehamn - knutepunkt for dampskipa

Frå 1839 vart Skjerjehamn stoppestad for dampskipa som gjekk i postrute.

Rutestopp i Eivindvik

Eivindvik fekk rutestopp av dei aller første dampskipa som gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri.

Brekke

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1862.

Postvåg

ved Fensfjorden fekk dampskipsstopp i 1876 (sjå Den Trondhjemske Postvei i Gulen). I 1887 vart stoppestaden flytta til Halsvikvågen, der Severin Olsson Halsvik var både dampskipsekspeditør og postopnar. I samarbeid med vegkontoret i Sogn og Fjordane, bygde svigersonen Henrik Larson Neverdal ferjelem i Halsvik. Ferjeleiet for ferga over Fensfjorden til Leirvåg like vest for Mongstad vart seinare flytta til Sløvåg.

Oppedal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1880-talet. Oppedal, Brekke og andre bygder i austre delen av kommunen hadde elles ei mjølkerute til Høyanger frå 1948 og fram til 1972 (sjå artiklar om «Meieria i Gulen» og om Rutebilane i Brekke).

Sygnefest

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1882 med Ingebrigt Lasseson Sygnefest som ekspeditør. Sygnefest vart ei tid nytta som korrespondansepunkt mellom Sogne- og Sunnfjord-rutene.

Dampskipskaia på Nyborg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia på Nyborg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nyborg

i Gulafjordane fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1890, og Ole E. Sandnes vart ekspeditør. Nyborg var i lang tid eit sentralt handels- og kommunikasjonsknutepunkt i fjorden. Båtrutene vart avvikla på 1960-talet då vegane kring Gulafjordane vart knytte saman med tunnelar og bru over Leversundet. I 1899 vart namnet på stoppestaden endra til Guløy slik at ein ikkje skulle forveksle Nyborg med same stadnamn i Åsane ved Bergen.

Mjømna med den tidlegare dampskipskaia. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna med den tidlegare dampskipskaia. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna

fekk rutestopp i 1894 med Gjert P. Mjømnen som ekspeditør.

Dingja

kom inn på Fylkesbaat-rutene i 1897, og var ein av korrespondansestadane for rutene mellom Sogn og Sunnfjord.

Breivik/Bålen

fekk rutestopp kring 1900.

Ånneland

på Sandøy fekk rutestopp kring 1900.

Dalsøyra kai på 1950-talet. Foto: AS Norrønafly. Eigar: Astrid O. Kjellevold/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dalsøyra kai på 1950-talet. Foto: AS Norrønafly. Eigar: Astrid O. Kjellevold/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dalsøyra

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1904.

Haveland

fekk rutestopp i 1910 med Henrik Ellingsen som ekspeditør.

Nyhamar på Hisarøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nyhamar på Hisarøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nyhamar på Hisarøy

på Hisarøy fekk rutestopp kring 1910. I august 2013 vart det oppretta rute med elektrisk kabelferje mellom Hisarøy og Mjåneset på fastlandet. Turen tek åtte minutt. Det vart bygt 300 meter veg på fastlandet og 800 meter på Hisarøy frå Nyhamar sørover til ferjeleiet.

Kabelferja som går mellom Mjåneset og Hisarøy. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kabelferja som går mellom Mjåneset og Hisarøy. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Oppdalsøyra

fekk Fylkesbaat-ruter i 1911 med Hans Larsen Opdal som ekspeditør. Sonen, handelsmann Lars Opdal, bygde kai i 1934. Båtrutene vart lagt ned i 1964 då vegsystema kring Gulafjordane vart bundne saman, og Fylkesbaatane starta bilruter i staden.

Brosvik

hadde rutestopp av Fylkesbaatane frå 1937 til 1967, då vegen til Rutedal kom.

Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap

Den søre luten av Gulen kommune - dvs. frå Furnes, Byrknes og sørover, har sidan 1870-talet vorte trafikkert av dampskipsselskap frå Hordaland.

Byrknes

kom med på rutenettet til dei ovannemnde dampbåtrutene i 1899, og vart seinare også trafikkert av ei motorbåtrute som gjekk to gonger i veka Byrknesøy-Skjerjehamn-Mjømna. Fylkesbaatane hadde Byrknes med på rutenettet sitt berre ein kort periode kring 1940.

Byrknes fekk dampbåtruter i 1899. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Byrknes fekk dampbåtruter i 1899. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2013