Hopp til innhold
X
Innhald

Storehogen hovudsendar

Storehogen er eit mykje brukt turmål både sommar og vinter. Foto: Torbjørn Rørvik.

Storehogen er eit mykje brukt turmål både sommar og vinter. Foto: Torbjørn Rørvik.

TV-tårna på Storehogen sett frå Amla. Det nyaste er 109 meter høgt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

TV-tårna på Storehogen sett frå Amla. Det nyaste er 109 meter høgt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storehogen hovudsendar for fjernsyn og radio vart bygd i 1959. Stasjonen fekk då eit 42 meter høgt antennetårn. FM vart sett i drift på stasjonen i 1959, og fjernsyn i 1965.

Manuell mobiltelefon vart installert på Storehogen i 1972 for å dekkje storparten av indre Sogn. Stasjonen fekk påbygd eit nytt tårn i 1988 på 109 meter.

Då det nye digitalnettet for fjernsyn vart sett i drift hausten 2007, vart ein av stasjonane plassert på Storehogen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011