Strid om Bergens-rutene

MS Balholm. © Fjord1 Fylkesbaatane.
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sette passasjerskipet «Balholm» i rute mellom Høyanger-Vik-Balestrand-Leikanger-Flåm i 1949. Same året sette selskapet «Sognefjord» og «Sunnfjord» inn i rutene på Bergen.
I Vik vekte det harme at Vangsnes, men ikkje Vik fekk anløp av det nye, flotte ruteskipet. Ein delegasjon med politikarar og næringsrivande reiste til Bergen for protestere, og det enda med at Vik fekk anløp på ruta innover, medan Vangsnes vart stoppestad på ruta utover.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.06.2011