Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn postkontor

Posthuset på Årheim i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Bjarne Lødøen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Posthuset på Årheim i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Bjarne Lødøen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stryn sentrum fekk postopneri i 1861 med lensmann Gullik B. Mugaas som første styrar. Postkontoret låg ved dampskaia på Visnes der også lensmannen budde på den tida. Lensmann Mugaas og ektemaken Else Sophie var postopnarar fram til 1892. Else Sophie er omtala som hotellvertinne i den tida ho fungerte som postopnar.

I 1892 låg postkontoret på garden Årheim på sørsida av gamlebrua ved Tonning. I 1920 vart postkontoret flytta over til Johannes Ytreeide sitt hus på nordsida av elva.

Då den driftige hotell- og reiselivsmannen Olai Tenden satsa på utbygging av eit stort hotell like ved kaia på Visnes i 1896, har han nok meint at Visnes måtte få tilbake postkontoret sitt. I 1903 fekk han ynskjet sitt oppfylt. Brevhuskontoret vart plassert i hans nybygde Central Hotell, og sonen, Peter Tenden, vart første brevhusstyrar. I 1933 vart adressa Vesnes i Nordfjord, og brevhuset på Visnes vart lagt ned i 1962.

I mars 2010 vart postkontoret i Stryn lagt ned, og stryningane fekk post i butikk-ordning. Same året vart også postkontora i Måløy, Sandane og Høyanger lagde ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2011