Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Førde

Telegrafen i Førde i 1950. Frå venstre Margit Reiakvam. Solveig Haugum, Marit Aase, Oddbjørg Hukset, Sigrid Tjønneland, Jenny Bruland, Dagunn Klakegg, Oddrun Kleiven og Anny Hornnes. Foto: Reiakvam.

Telegrafen i Førde i 1950. Frå venstre Margit Reiakvam. Solveig Haugum, Marit Aase, Oddbjørg Hukset, Sigrid Tjønneland, Jenny Bruland, Dagunn Klakegg, Oddrun Kleiven og Anny Hornnes. Foto: Reiakvam.

Første telegrafen

I 1866 vart det bygd telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden. Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina same trasé som Den trondhjemske Postvei til Førde. Tanken var å byggje telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Frå Førde vart det bygd telegrafline til Florø, slik at den såkalla «fiskeritelegrafen» fekk samband til landsnettet. Fiskeritelegrafen i ytre Sunnfjord var nokre år tidlegare bygd mellom Florø og fiskeværa omkring som eit internt meldingssystem som var til stor nytte under det rike vårsildfisket som gjekk føre seg på sunnfjordkysten fram til 1870.

I 1869 vart det bygd telegrafline sørover frå Ålesund som knytte fiskeværa Måløy (Moldøen) og Kalvåg til landsnettet.

Førde vart telesenter i fylket

Førde vart telesenter i fylket

Førde var tidleg ute med eigen telegrafstasjon, og staden utvikla seg etter kvart til eit administrasjonssenter for teletenestene i Sogn og Fjordane. I ein periode frå 1975 til 1993 hadde Førde teledistrikt ansvaret for alle teletenester samt alle radio- og fjernsynsstasjonar i heile fylket.

Privat telefondrift i Førde

Førde fekk eigen telegrafstasjon i 1875 med Agnes Bader (1835-1909) som styrar. I 1893 fekk Førde ein lokaltelefonstasjon. Stasjonen var i privat drift av Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab fram til det meste av eignelutane til selskapet vart løyst inn av Telegrafverket i 1905. Truleg låg telefonstasjonen for dette private telefonselskapet ei tid ved dampskipskaia på Steinen. Sønd og Nordfjord Aktietelefonselskab var eitt av fleire private telefonselskap som bygde ut telefonnettet i Sogn og Fjordane før det statseigde Telegrafverket tok over.

Telefonsentralen i Førde heldt i mange år til i ”Gamlebanken” ved Kyrkjevegen, og flytta til Førde Sport-bygget på sørsida i 1955. I 1902 vart Førde knytt til rikstelefonnettet, og stasjonen saman med dei næraste småstasjonane, vart automatisert i 1973.

Hjelmelandsbygget, der Televerket sysselsette svært mange før nedbemanninga tok til på 1990-talet. Seinare har Lotteritilsynet og Helse førde vore leigetakarar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelmelandsbygget, der Televerket sysselsette svært mange før nedbemanninga tok til på 1990-talet. Seinare har Lotteritilsynet og Helse førde vore leigetakarar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylket var eige teleområde

Mykje av teleadministrasjonen i fylket vart etter kvart samla i Førde, og fylket vart eige teleområde - Førde teleområde - i 1975. Administrasjonen og planavdelingane heldt til i det store forretningsbygget til entreprenørselskapet G&F. Hjelmeland på Øyrane, der Lotteritilsynet seinare flytta inn.

I 1993 vart Sogn og Fjordane nedlagd som eige teleområde og slege saman med Bergen/Hordaland til Bjørgvin teledistrikt som fekk hovudsete i Bergen. Dette førde til sterk nedbemanning ved kontoret i Førde. Telesjefar for Førde teleområde 1975-1993 var Håkon Flåten, Rolf Køste og Kåre Sundquist.

Dei arbeidsplassane Telenor har att i Førde har tilhald i denne bygningen like ved Domus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei arbeidsplassane Telenor har att i Førde har tilhald i denne bygningen like ved Domus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holsen

fekk rikstelefon i 1902. Telefonen vart automatisert i bygda i 1975.

Bruland og Sunde

fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen låg først på Bruland, men vart flytta til Sunde i 1931.

Mo

fekk rikstelefon i 1913.

Ervik

fekk truleg telefonsamband i 1917, og rikstelefonsamband i 1926. Stasjonen vart lagd ned i 1973.

Haukedalen

fekk rikstelefon i 1919. I Haukedalen var det i alt tre telefonstasjonar: Gjerland, Haukedalen og Hårklau.

Angedalen

fekk rikstelefon i 1927. I Angedalen var det telefonstasjonar både på Tefre fremst i dalen, på Furebø midt i dalen og på Indrebø inst i den halvanna mil lange dalen.

Solheimsdalen og Fauske

fekk rikstelefon i 1937. I Solheimsdalen låg telefonstasjonen på Karstad. Stasjonen vart lagd ned og automatisert i 1973.

På 1980-talet var det mange av desse raude telefonkioskane rundt om, men utviklinga innan mobiltelefon gjorde at telefonautomatane ikkje vart brukte lenger. Denne stod i 2007 framleis att utanfor det som i si tid var hovudkvarteret til Televerket i Førde, Hjelmelandsgården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På 1980-talet var det mange av desse raude telefonkioskane rundt om, men utviklinga innan mobiltelefon gjorde at telefonautomatane ikkje vart brukte lenger. Denne stod i 2007 framleis att utanfor det som i si tid var hovudkvarteret til Televerket i Førde, Hjelmelandsgården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2010