Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Høyanger

Telefonsentralen i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Telefonsentralen i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå den første telegraflina vert strekt gjennom fylket i 1859 og Lærdal stasjon vart opna, skulle det gå 45 år før det kom telefonsamband til bygder som ligg innanfor noverande Høyanger kommune. Først ut var Lavik og Vadheim.

Lavik

fekk rikstelefon i 1907. Stasjonen vart automatisert i 1977 eller 1978. Sidan Lavikdalen fekk telefonstasjon samstundes med Lavik er det sannsynleg at telefonlina til Lavik gjekk gjennom Lavikdalen og vart knytt til hovudlina nord-sør på Vestlandet ein stad nord for Leirvik. Hovudlina for rikstelefonen til Bergen vart opna i 1904.

Lavikdalen

Bilsbakke i Lavikdalen fekk telefonstasjon i 1907, men den vart lagt ned i 1910. Også på Strandos var det ein lokal telefonstasjon/talestasjon, men det er ukjent kva år den vart skipa. Lavikdalen vart automatisert i 1970.

Bilsbakke

– sjå Lavikdalen.

Strandos

– sjå Lavikdalen.

I dette huset på Raasholm var det telefonsentral til 1979.. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

I dette huset på Raasholm var det telefonsentral til 1979.. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Raasholm

fekk rikstelefon i 1907, d.v.s. på same tid som Lavik og Lavikdalen. I 1947 vart Raasholm omgjort til talestasjon, og telefonen i bygda vart automatisert i 1970. Men Raasholm fekk halde på ”statusen” som talestasjon i endå nokre år, fortalde stasjonsstyraren Magda Raasholm: Heilt fram til ca. 1979 hang telefonskiltet på stoveveggen på Raasholm slik at folk kunne få kome til å ringje derifrå dersom dei ikkje hadde telefon sjølve. Som motyting for slike tenester fekk talestasjonsstyrarane ta ut ”løna” som naturalia ved at dei sjølve fekk ringje gratis og sleppe andre telefonavgifter.

Vadheim

fekk rikstelefon i 1908. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Kyrkjebø

fekk rikstelefon i 1912. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Tredal

fekk rikstelefon i 1915. Stasjonen låg først i Tredal, men vart flytta til Ikjefjord i 1946. Området fekk automattelefon i 1979.

Ikjefjord

– sjå Tredal.

Nordeide

og grendene ikring fekk rikstelefon i 1917. Stasjonen vart kalla Nordeidstrand.

Nordeidstrand

– sjå Nordeide.

Instevik

fekk rikstelefon i 1921. Området fekk automattelefon i 1980.

Høyanger i 1917, same åpret som bygda fekk telefonsamband.

Høyanger i 1917, same åpret som bygda fekk telefonsamband.

Høyanger

fekk rikstelefon i 1917 etter at NACO (auluminiumsverket) hadde forskottert bygginga. Høyanger var den første staden i Sogn og Fjordane som fekk automattelefon då lokalnettet på industristaden vart automatisert i 1950. Høyanger vart knytt til fjernvalnettet i 1973. Høyanger var såkalla kontrollkrins i åra frå 1926 til 1968, då Høyanger vart lagt under Førde kontrollkrins.

Ortnevik

fekk rikstelefon i 1920. Stasjonen vart automatisert i 1980.

Bjordal

fekk rikstelefon i 1922. Stasjonen vart automatisert i 1980.

Søreide

fekk rikstelefon i 1922. Stasjonen vart automatisert i 1980.

Sørevikane

fekk rikstelefon i 1922. Stasjonen vart automatisert i 1980.

Føsund

fekk rikstelefon i 1925. Stasjonen vart automatisert i 1980.

Norevik

fekk rikstelefon i 1929. Same året vart det skipa telefonstasjon på ytre Torvund og ein talestasjon på Vattekar. Bygdene vestafor Vadheimsfjorden fekk telefonsamband ved at leidninga vart lagd som sjøkabel frå Klævoll og under Vadheimsfjorden til vestsida. Telefonstasjonen i Norevik og grendene som sokna til denne, vart automaiserte i 1974.

Vikum

– sjå Norevik.

Torvund

– sjå Norevik.

Vattekar

– sjå Norevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2010