Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Luster

Eit arbeidslag frå Skjolden på telefonarbeid. Frå venstre Ivar S. Bolstad, Ole O. Skjolden, Torbjørn O. Bolstad, Kristen Eide, Tomas T. Bolstad, Knut K. Flaten og Peder J. Skjolden. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Marifjøra

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Lambhaug fekk rikstelefon i 1899. Automatisert 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Hafslo

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Den første telefonstasjonen på Hafslo heldt til i dette huset. Foto: Erik Øvrebø.

Solvorn

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Gaupne

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert i 1987 og knytt til fjernvalnettet same år.

Fortun fekk telefon i 1911. Foto: Arild Nybø, NRK.

Høyheimsvik

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert i 1966 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Luster

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Skjolden

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Fortun

fekk rikstelefon i 1911. Fortun fekk automattelefon i 1965 i samband med Fortun-utbygginga (sjå artiklane om kraftutbygging i Luster). Heile området i Fortundalen vart automatisert i 1973 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Svensøy

fekk rikstelefon i 1911.

Turtagrø

fekk rikstelefon i 1911. Turtagrø stasjon var open berre i turisttida.

Alsmo

fekk rikstelefon i 1913.

Sørheim

fekk rikstelefon i 1914. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Kroken

Ornes

Kinsedal

fekk rikstelefon i 1914. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Feigum med Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Feigum

fekk rikstelefon i 1918.

Jostedal

fekk rikstelefon i 1918. Alt i 1899 var det konkrete planar om å byggje telefonsamband til Jostedalen på grunn av den aukande turisttrafikken, men dette vart utsett. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Sperle

fekk rikstelefon i 1918. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Gjerde

fekk rikstelefon i 1918.

Kvam

fekk rikstelefon i 1923. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Holen

Ugulsvik

fekk rikstelefon i 1923. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Brengsnes

på vestsida av Veitastrondsvatnet fekk rikstelefon i 1923. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Veitastrond

fekk rikstelefon i 1923. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Veitastrond fekk telefon i 1923. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.03.2011