Telefon i Naustdal

Naustdal fekk telefon i 1893. Dette biletet er av eit brurefylgje med to spelemenn i spissen, truleg ein gong rundt første verdskrig. På bryllaupsdagar var det travelt for dei som arbeidde på telefonen/telegrafen, for festtelegram var ein vanleg måte å helse til brureparet på. Foto: Olai Fauske. Eigar: Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Naustdal
fekk telefon i 1893 i regi av det private telefonselskapet "Sønd og Nordfjords Telefonselskab/Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab". Selskapet fekk konsesjon første gong i 1892. Dei private sentralane vart nedlagde då abonnentane vart knytte til rikstelefonnettet kring 1906. Det var m.a. tilfellet i Naustdal som fekk rikstelefon i 1905. Telefonstasjonen heldt til i forretningsbygget til Olai Horstad. Naustdal fekk automattelefon i 1977. Fram gjennom åra har stasjonen i Naustdal både heitt Naustdal i Søndfjord, berre ”Nøstdal”, og Naustdal Sunnfjord.
Hove i Søndfjord
heitte stasjonen på Hove då den vart opna som privatstasjon i 1893. Den fekk seinare adressa Hove i Sunnfjord. Den vart knytt til rikstelefonnettet i 1926. Hove stasjon vart lagd ned i 1952.
Hove i Sunnfjord
– sjå Hove i Søndfjord.
Åmot
fekk rikstelefon i 1905. Stasjonen vart lagd ned i 1961 og abonnentane knytte til Naustdal.
Vevring
fekk rikstelefon i 1914. Stasjonen vart automatisert i 1967.
Kvellestad
fekk rikstelefon i 1908. Stasjonen vart automatisert i 1967.
Redalsgrend
fekk rikstelefon i 1923. Stasjonen vart automatisert i 1967.
Gryta
fekk rikstelefon i 1923. Stasjonen vart automatisert i 1967.

Folk på Helle fekk telefon i 1925. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Helle
fekk rikstelefon i 1925. Stasjonen vart automatisert i 1972.
Frammarsvik
fekk rikstelefon i 1925. Den lokale telefonstasjonen vart automatisert i 1961 og abonnentane knytte til Naustdal.
Kalland
fekk rikstelefon med stasjon på Fauske i 1931. Stasjonen vart lagd ned i 1962.
Fimlandsgrend
fekk rikstelefon i 1931. Stasjonen vart automatisert i 1958.
Nes
fekk rikstelefon i 1931. Stasjonen vart lagd ned i i 1946 og abonnentane knytte til Fimlandsgrend stasjon.

Fimlandsgrend, der dei måtte vente til 1931 før dei fekk telefon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 13.12.2010