Telefon og telegraf i Hornindal

Dette biletet vart teke i samband med utbygginga av telefon på Grodås i 1893. Arbeidarane sette opp ein enorm stein til minne om det store framsteget. Mannen med hatt og kvitt skjegg sitjande i midten er Hans J. Holmøy. Til høgre for han sonen Ola M. H. Holmøy, som var ei drivande kraft for å få bygt ut telefonnettet. Foto: Anders B. Grodaas.

Minnesteinen frå 1893 er vekk, men i 1993, etter 100 år med telefon i Hornindal, vart ein kopi sett opp på same staden. Foto: Ottar Starheim, NRK
Alle stadane nedanfor hadde i si tid eigne telefonstasjonar - først med innlagt privattelefon.
Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Hornindal i 1909, var det det private «Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab» som bygde og dreiv telefonnettet. Selskapet fekk konsesjon førstegong i 1892.
Grodås
fekk privattelefonstasjon i 1893 og rikstelefonsamband frå 1909.
Haugen
i indre Hornindal fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Kjøs
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Maurset
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Lødemel
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Tomasgard
fekk privattelefon i 1893 og går ut av stasjonslista i 1909.
Telefonen i heile Hornindal
vart automatisert i 1980.

Den 23. april 1980 vart telefonstasjonen på Grodås lagd ned. Bak frå venstre Laura Navelsaker og Anne Marie Grothaug. Framme frå venstre stasjonshaldar Solveig Lødøen og Aslaug Solvik. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 27.02.2011