Telefon og telegraf i Stryn

Arbeid med telefonline over Strynefjellet i 1938. Det er Aslaug Ødegård frå Ørskog som har klatra til topps i stolpen. Ukjend fotograf. Eigar: Aslaug Ødegård Schei/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Dette er dei opplysningane som førebels er tilgjengelege. Alle stadene som er nemnde nedanfor, hadde lokal telefonsentral.
Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Stryn frå ca. 1907, var det det private «Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab» som bygde og dreiv telefonnettet.
Selskapet fekk konsesjon første gong i 1892. Dei private sentralane vart nedlagde då abonnentane vart knytte til rikstelefonnettet.
Tonning
i Stryn sentrum fekk telefon frå 1893 og rikstelefon frå 1907. Under 2. verdskrig var rikstelefonsentralen i Stryn rekna som strategisk viktig. På etterjulsvinteren 1945 var det ei prioritert oppgåve for Milorg-gruppa Snowflake i Nordfjord å sikre telefonsentralen i Stryn mot øydelegging av tyskarane når dei trekte seg tilbake. Men kapitulasjonen den 8. mai gjekk roleg og utan øydleggingar slik som ein opplevde då tyskarane trekte seg ut av Finnmark.
Visnes
ved dampskipskaia i Stryn fekk privatelefon i 1893.

I dette huset var det telefon- og telegrafsentral i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Faleide
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Langeset
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Sindre
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Utvik
fekk privattelefon i 1892-1893 og rikstelefon i 1906. Telefonen der vart automatisert i 1984.
Innvik
fekk privatteleon i 1892-1893 og rikstelefon i 1906. Automatisert i 1980.
Loen
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.

I dette huset som tilhøyrde Rasmus Yri var det postkontor og telefonsentral i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Olden
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.
Årholen
fekk privattelefon i 1895 og rikstelefon i 1909.
Vanberg
i Olden fekk privattelefon i 1895. Stasjonen vart lagd ned i 1909.
Ulvedal
fekk privattelefon i 1895. Stasjonen vart lagd ned i 1909.
Sølvberg
fekk privattelefon i 1896 og rikstelefon i 1909.
Blakset
fekk privattelefon 1896 og rikstelefon i 1909.
Fjellkårstad
fekk privattelefon 1896.
Vik
fekk privattetelfon i 1896.
Ytre Eide
fekk privattelefon i 1896.
Gjørven
fekk privattelefon i 1896.

Lunde
fekk privattelefon i 1896.
Mindresunde
fekk privattelefon i 1896.
Meland
fekk privattelefon i 1896.
Erdal
fekk privattelefon i 1896
Fosnes
i Oppstryn fekk privattelefon i 1896.
Klevnes
fekk privattelefon i 1896 og rikstelefon i 1909.
Årnes
i Oppstryn fekk privattelefon i 1896.

Hjelle fekk telefon i 1896. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Hjelle
i Oppstryn fekk privattelefon i 1896
Skåre
i Oppstryn fekk privattelefon i 1896.
Hopland
fekk privattelefon i 1899 og rikstelefon i 1909.
Rand
fekk privattelefon i 1896.
Robjørgane
fekk privattelefon i 1896.
Svarstad
fekk privattelefon i 1899.
Videsæter
på Strynefjellet fekk privattelefon i 1906.
Andre registerte stasjonar som vi saknar fleire opplysningar om, var Oldedalen, Oldevatn og Tistam.

Telefonarbeidarar på Strynefjellet i 1938. Inne i bilen sit karen som leia arbeidslaget, Kristen Leite. På lasteplanet ser vi frå venstre Olav Leite, Antorn Horn, Olav B. Humborstad, Marta Myklebust, Aslaug Ødegård og Kristian Horn. Framfor bilen står sjåføren, som vi dessverre ikkje har namnet på. Ukjend fotograf. Eigar: Aslaug Ødegård Schei/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 10.03.2011