Telefonen i Fjaler

Dale på slutten av 1800-talet. Først i 1902 fekk bygda telefonsamband med omverda.
Dale
Med unntak av den såkalla «fiskeritelegrafen» som vart bygd til Florø i 1861 (sjå Fiskeritelegrafen varsla sild), og nokre år seinare til Kalvåg og andre fiskevær ikring, så låg dei ytre distrikta i Sogn og Fjordane mange år etter dei indre fjordbygdene i utbygging av telegraf og telefon.
Dette hadde samanheng med at dei inste bygdene i Sogn drog fordeler av at ei av landets første telegrafliner, Bergen-Oslo, vart bygd gjennom Lærdal-Aurland alt i 1858, og bygdene langs lina hengde seg på. Dessutan låg viktige embetsgardar og militære eksersisplassar i eit belte nord-sør i midtre del av fylket, og desse punkta vart prioriterte i neste omgang av telegrafutbygginga.
Elles vart mange lokale telefonnett i dei indre fjordstroka bygde av private telefonselskap som seinare overlet installasjonane til det statlege telegrafverket. Det var først då det vart bygd rikstelefonline til Førde i 1902 at Dale og bygdene ikring vart kopla til telefonnettet. Dette skjedde samstundes i Bygstad. Dale vart automatisert i 1983.

Dalstunet i 1914, med bokhandelen til Skaar, Sørebø-butikken og Grøvlen-butikken. Foto: K. Knudsen. ©Knudsen-samlingen, UBB.
Leitet
fekk rikstelefon i 1903.
Straumsnes
fekk rikstelefon i 1903.
Flekke
fekk rikstelefon i 1903.
Skår
ved Bygdavågen (Folkestad) fekk rikstelefon i 1914. Denne lina kom sørafrå Lifjorden og Sørbøvåg.
Loneland
fekk rikstelefon i 1919.
Guddal
fekk rikstelefon i 1920. Stasjonen vart lagd ned i 1972.
Heggheim
fekk rikstelefon i 1920.
Hovlandsdal
fekk rikstelefon i 1920.
Fure
fekk rikstelefon i 1922 og vart automatisert i 1983.
Gjølanger
fekk rikstelefon i 1922.
Halsnes
fekk rikstelefon i 1922.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.10.2010