Hopp til innhold
X
Innhald

Telefonen i Gulen

Her ved Rutletangane vart det lagt telegrafline i sjøkabel over Sognefjorden alt på 1860-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Her ved Rutletangane vart det lagt telegrafline i sjøkabel over Sognefjorden alt på 1860-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tidleg telegrafline

I 1866 vart det bygt telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden til Rutledal ved Sognefjorden. Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik.

Frå Leirvik gjekk telegraflina langs Den Trondhjemske Postvei i Gulen og vidare langs postvegen til Førde. Tanken var å bygge telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Her vart det strekt telegrafline til Florø, slik at «fiskeritelegrafen» mellom Florø og fiskerværa omkring fekk samband til landsnettet - sjå: Fiskeritelegrafen varsla sild. I 1869 vart det bygt telegrafline sørover frå Ålesund som knytte til Måløy og Kalvåg.

Graffarar frå Gulen i arbeid. Laget til Jakob Kjellevold held på med å reise ein stolpe på Aurlandsfjellet i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Erlend Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Graffarar frå Gulen i arbeid. Laget til Jakob Kjellevold held på med å reise ein stolpe på Aurlandsfjellet i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Erlend Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Graffarane frå Gulen

Folk frå Gulen spesialiserte seg som telegrafarbeidarar - såkalla graffarar - og bygde telegraf- og telefonlinjer over heile landet.

Skjerjehamn

fekk telegraf i 1894. Etter denne tid avløyste telefonsamband den gamle telegrafen.

Eivindvik, Leversund, Nordgulen og Dalsøyra

fekk telefon i 1904

Dingja

fekk telefon i 1910.

Oppedal, Brekke, Hjartholm, Breidvik og Rutledal

fekk telefon i 1915

Ånneland

fekk telefon i 1919.

Mjømna og Byrknes

fekk telefon i 1920.

Merkesdal

fekk telefon i 1941.

Dalsbygda og Vedvik

ved Eidsfjorden fekk telefon i 1952.

Bremnes og Litle Kvernøy

fekk telefon i 1954.

Automatisering

Telefonen i Gulen vart fullautomatisert i 1984.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2010