Hopp til innhold
X
Innhald

Telefonen i Sogndal

Arbeid med telefonlina ved det gamle heradshuset i Sogndalsfjøra. Ukjend fotograf. Eigar: Geir Johan Olavson Glosvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arbeid med telefonlina ved det gamle heradshuset i Sogndalsfjøra. Ukjend fotograf. Eigar: Geir Johan Olavson Glosvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tidleg ute med rikstelefon

Kaupanger, Amla og Sogndalsfjøra fekk rikstelefon i 1896, og lina vart opna heilt fram til den nye turistmetropolen Balestrand året etter.

Amla

- sjå artikkelen Tidleg ute med rikstelefon.

Kaupanger

- sjå artikkelen Tidleg ute med rikstelefon.

Norum

fekk rikstelefon i 1897 - Sjå elles artikkelen Tidleg ute med rikstelefon.

Fardal

fekk rikstelefon i 1907. Telefonen vart automatisert i 1969 og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Fjærland

fekk installert privattelefon i 1904 og rikstelefon i 1912. Telefonen vart automatisert i 1979.

Lidal

fekk rikstelefon i 1912. Automatisert i 1971 og knytt til fjernvalnettet i 1979.

Hunderi

fekk rikstelefon i 1926.

Selseng

fekk rikstelefon i 1926. Automatisert i 1970 og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Selseng inst i Sogndalsdalen fekk rikstelefon i 1926. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selseng inst i Sogndalsdalen fekk rikstelefon i 1926. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tingastad

fekk rikstelefon i 1931.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.08.2011