Hopp til innhold
X
Innhald

Telefonsamband i Høyanger

Frå første telegraflina vert strekt gjennom fylket i 1859 og frå Lærdal stasjon opnar, skal det gå 45 år før Høyanger kommune får telefonsamband.

Først ut er Lavik i 1907, og Vadheim får telefonstasjon i 1908, med line til Førde. Kyrkjebø får telefonsamband i 1912, og industristaden Høyanger i 1917. Då vart telefonsambandet forskottert av industriutbyggaren Norsk Aluminium CO - NACO.

Sørsidebygda Tredal får telefon i 1914, og resten av sørsida i 1920-1923.

Automatisering

Høyanger var den første staden i fylket som fekk lokal automattelefon. Det skjedde i 1953.

I 1973 vart Høyanger manuelle rikstelefonsentral lagt ned og staden knytt til fjernvalnettet. På sørsida vart telefonen automatisert i 1979.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008