Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Førde

(Sjå Den Trondhjemske Postvei i Gaular).

I 1866 vart det bygt telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden. Derfrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina same trasé som Den Trondhjemske Postvei til Førde.

(Sjå Den Trondhjemske Postvei i Gaular).

Tanken var å byggje telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Her vart det strekt telegrafline til Florø, slik at «fiskeritelegrafen» mellom Florø og fiskeværa omkring fekk samband til landsnettet. (Sjå Fiskeritelegrafen varsla sild) I 1869 vart det bygt telegrafline sørover frå Ålesund som knytte til Måløy og Kalvåg.

Telegrafstasjon i Førde

Førde fekk eigen telegrafstasjon i 1875 med Agnes Bader (1835-1909) som styrar. I 1893 telefonstasjon, og i 1902 fekk både Førde og Holsen rikstelefon.

Til inste Haukedalen kom telefonen i 1919, og til inste Angedalen i 1927. Telefonsentralen i Førde heldt i mange år til i «Gamlebanken», og flytta til Førde Sport-bygget i 1955.

Mykje av teleadministrasjonen i fylket vart etterkvart samla i Førde, og fylket vart eige teleområde - Førde teleområde - i 1975. I 1993 vart Sogn og Fjordane nedlagt som eige teleområde og slege saman med Bergen/Hordaland i Bjørgvin teledistrikt med hovudsete i Bergen. Dette førde til sterk nedbemanning i Førde.

Telesjefar 1975-1993 var Håkon Flåten, Rolf Køste og Kåre Sundquist. Hovudsendaren for radio og fjernsyn på Hafstadfjellet (706 m.o.h.) vart bygd i 1958.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008