Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Hyllestad

Johanna Sørbø hadde telefonstasjonen i Sørbøvåg samstundes som ho var poststyrar frå 1929 til 1958. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Johanna Sørbø hadde telefonstasjonen i Sørbøvåg samstundes som ho var poststyrar frå 1929 til 1958. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hyllestad var ein av dei første kommunane som fekk telegraf, men var mellom dei siste som fekk automatisert telefonen.

Telegraf og Telefon

Den såkalla fiskeritelegrafen vart bygd fram til Florø i 1861, men var berre eit internt samband mellom fiskeværa der dei første åra. I 1866 vart det bygt telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden. Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Nesje og vidare til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina same trase som Den Trondhjemske Postvei (sjå Den Trondhjemske Postvei i Gaular) til Førde, slik telefonlina gjorde seinare.

Fiskeritelegraf

Tanken var å byggje telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Her vart det strekt telegrafline til Florø, slik at «fiskeritelegrafen» mellom Florø og fiskeværa omkring fekk samband til landsnettet. (Sjå Fiskeritelegrafen varsla sild.) I 1869 vart det bygt telegrafline sørover frå Ålesund som knytta til Måløy og Kalvåg.

Leirvik

fekk rikstelefon i 1904 samstundes med Dalsøyra, Eivindvik og Leversund i Gulen. Telefonen i Leirvik vart automatisert i 1971.

I Leirvik var telefonsentralen i Wolffs Pensjonat. Dette biletet av pensjonatet er teke ca. 1925. Bygningen står framleis, men er no kvitmåla. Sentralen vart seinare flytta til Systad-butikken.

I Leirvik var telefonsentralen i Wolffs Pensjonat. Dette biletet av pensjonatet er teke ca. 1925. Bygningen står framleis, men er no kvitmåla. Sentralen vart seinare flytta til Systad-butikken.

Skor

fekk rikstelefon i 1905. Stasjonen vart lagt ned i 1964 og abonnentane knytte til Åfjordalen automatsentral.

Løland

fekk telefon i 1907 med linje til Lavik.

Sørbøvåg

fekk rikstelefon i 1914.

Hyllestad

fekk rikstelefon i 1914. Automatisert i 1973.

Lifjorden

fekk telefonsamband i 1914.

Skifjorden

fekk rikstelefon truleg i 1916.

Storakersundet

fekk telefonsamband i 1924.

Sist ute med automatisering

Hyllestad var saman med Gulen kommune dei siste kommunane i fylket som fekk automattelefon overalt: Først i 1984 var telefonen i kommunen fullautomatisert.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2010