Telegraf og telefon i Vågsøy

Telefonlinjer i Måløy.
Fisketelegrafen i Måløy
Moldøen var den første staden i Nordfjord som fekk telesamband då handelsstaden på øya i Måløysundet fekk telegraf i 1864.
Moldøen/Måløy
vart knytt til rikstelefonnettet i 1899. I sildeåra på 1950-talet ekspederte stasjonen i Måløy 250.000 samtaler i månaden, og fiskarane venta i hundretal på gata utanfor medan dei venta på å bli ropte opp til samtale heim frå ein av dei 10 telefonboksane!

Bilete frå 'skranken' i Telegrafverket, som hadde lokale i Heradsheim i gate 1 i Måløy. Dette er frå byrjinga av 1950-talet, og vi ser frå venstre: Marie Rønning Larsen, Kirsten Steenslid, fullmektig Kåre Ervik og Greta Larsen. Ukjend fotograf. Eigar: Leif-Åge Larsen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Andre telefonstasjonar i Vågsøy:
Almenningen
fekk rikstelefon i 1899.
Bryggja
fekk rikstelefon i 1899.
Gangsøy
fekk rikstelefon i 1918.
Raudeberg
fekk rikstelefon i 1900.
Vågsvåg
fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1918.
Osmundsvåg
hadde også telefonstasjon ei tid, men fleire detaljar vantar.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.04.2010