Faktaboks

Administrasjonssenter
Lærdalsøyri
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 117 (2022)
Landareal
1 275 km²
Høgaste fjell
Høgeloft (1921 moh.) på grensa til Hemsedal
Innbyggjarnamn
lærdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4642 (frå 01.01.2020, tidlegare 1422)

Kommunevåpen

Kart: Lærdal kommune i Vestland
Lærdal kommune i Vestland fylke.
Kart: Lærdal kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Lærdal

Lærdal. Eldre trehusbusetnad i Lærdalsøyri. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Lærdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Lærdalsfjorden og med Lærdalen innanfor.

Lærdal grensar i aust til Innlandet og i søraust til Buskerud. I 1860 og 1864 vart Årdal og Borgund skilde ut frå Lærdal kommune. Hundre år seinare, i 1964, vart Borgund igjen ein del av Lærdal, saman med eit mindre område i Årdal. Det gjekk føre seg ei grenseregulering med Leikanger kommune i 1992, då Frønningen aust for Aurlandsfjorden vart overført til Lærdal.

Natur

Geologi

Frå Lærdalsøyri.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Berggrunnen i Lærdal består av gneis med overliggjande, sterkt omdanna kambrosiluriskskifer (fyllitt) og yngre skyvedekke. Skyvedekka tilhøyrer Jotundekket og finst i nordvest og søraust, med mindre område gneis og fyllitt imellom. Mellom anna finst Jotundekket i Lærdalen, som i den nedre delen er flat og vid, og i Horndalen sørover frå Erdal ved Lærdalsfjorden.

Fjella fell bratt mot dalane og fjorden, og fleire av sidedalane endar nærast i kløfter opp mot fjellet. Skyvedekka i søraust utgjer dei høgaste partia i kommunen, der Jukleegga på grensa mot Buskerud ragar 1920 meter over havet. Nedre del av Lærdalsdalføret har store marine lausavsetjingar.

Klima

Klimaet i Lærdal er tørt med ein årsnedbør på 400–500 millimeter. Kunstig vatning har derfor rike tradisjonar. 27. juli 2018 vart det målt 33,4 °C i Lærdal som var ny varmerekord i Sogn og Fjordane. Største mai-nedbør vart målt på Maristova i 2013 med 102,2 millimeter.

Busetjing

Dagens busetjing er konsentrert til munninga av Lærdalselva med tettstaden og administrasjonssenteret Lærdalsøyri. Tettstaden vart ramma av brann 19. januar 2014, då 40 bygningar mellom Gamleøyri og Kyrkja brann ned.

Folketalet i Lærdal nådde eit maksimum alt i 1855 med 3858 innbyggjarar. Deretter gjekk det tydeleg tilbake til rundt 1920, då folketalet var 2452 innbyggjarar. Sidan har folketalet vist svak nedgang, i perioden 2005 til 2015 med 0,6 prosent. I 2018 var det 2153 innbyggjarar i kommunen. Folketalet er forventa å minke fram til 2050.

Kart over Lærdal kommune
Kart over Lærdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket i Lærdal er basert på husdyrbruk med hovudvekt på mjølkeproduksjon og sauehald. Kornarealet utgjer berre omtrent fem prosent av jordbruksarealet (1999). Det er ein del potet-, grønsaks- og frukt- og bærdyrking. Lærdal har over halvparten av fylkesarealet til poteter og grønsaker på friland.

Lærdalselva er kjent som ei god lakseelv. Kommunen har monaleg turisttrafikk. Industrien er beskjeden, med kun noko trevare- og næringsmiddelindustri.

Lærdal er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1378 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er sju kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 874 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Borgund kraftverk (i drift frå 1974) og Stuvane kraftverk (1988).

Samferdsel

E16 Sandvika–Bergen går gjennom Lærdal. Vegen over Filefjell ned gjennom Lærdalen har vore ein av hovudferdselsvegane mellom Aust- og Vestlandet sidan sogetida. Framleis ser ein restar av dei gamle veganlegga, der den eldst er kløvvegen Sverrestigen. Kjent elles er køyrevegen gjennom Skaret ved Vindhella som begge ligg i nærleiken av Borgund stavkyrkje.

Ved Borlaug bru (Borlo) øvst i dalen held fram E16 over Filefjell til Valdres, medan Riksveg 52 tek av over Hemsedal til Gol. På den nye E16 går tolv av dei 40 kilometrane med veg på Filefjell i tunnel. Lærdalstunnelen på E16 til Aurland er den lengste vegtunnelen i verda.

Det er vegsamband til Årdal på riksveg 5/53 og til Sogndal over ferjestaden Fodnes til Mannheller på Riksveg 5 med vegsamband vidare til dei ytre delane av fylket.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Lærdal sjukehus ligg utanfor tettbygde strok. Ein filial av Årdal vidaregåande skule med hjelpepleiarutdanning ligg i tilknyting til sjukehuset.

Lærdal høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådetSogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Luster, Sogndal, Vik og Årdal.

Lærdal kommune svarer til soknet Lærdal i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Lærdal til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Lærdal

For statistiske formål er Lærdal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman tolv grunnkrinsar: Hegg, Berge, Husum, Rikheim, Ljøsne, Tønjum, Hauge, Lærdalsøyri, Erdal/Bergmål/Luggenes, Store Hånosi/Gravadalen, Bjordalen/Vestbotn og Frønning.

Historikk og kultur

Lærdalsøyri.

Lærdalsøyri hadde i eldre tid stor betydning som marknadsplass og kommunikasjonssentrum.

Lærdalsøyri.
Lisens: CC BY SA 3.0

Borgund stavkyrkje frå 1150 er den best bevarte stavkyrkja i Noreg, og besøkssenteret ved stavkyrkja opna i 2005. Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Vindhellavegen, med opptil tolv meter høge steinmurar.

I Lærdalsøyri er det ein stor del eldre og verdifull busetnad, med eit av Noregs best bevarte trehusområde. Lærdalsøyri hadde i eldre tid stor betydning som marknadsplass og kommunikasjonssentrum. Eit større område av Lærdalsøyri, med nær 170 gamle trebygningar, er verna. 18. januar 2014 starta det å brenne i trehusa i Lærdalsøyri. Kraftig vind gjorde at brannen spreidde seg i raskt sentrum og gjorde store øydeleggingar i løpet av natta. 41 bygningar, av desse 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Ingen menneske omkom. Eit freda hus og fleire verneverdige vart totaløydelagd, men dei fleste av dei verna husa vart berga frå flammane. Riksantikvaren kalla likevel brannen ei tragedie for norsk kulturarv.

I sentrum, like ved Lærdalselvi, ligg Norsk Villakssenter, som mellom anna fortel om tradisjonane rundt laksefisket. Godset Frønningen er ein av dei største skogeigedommane i Vestlandet. Godset har bygdetun og kunstgalleri med verk av Knut Rumohr. Mellom Frønningen og Lærdal ligg Bleia-Storebotnen landskapsvernområde som inngår i fjordlandskapsområdet som UNESCO har gitt status som verdsarv.

Jotunheimen Rundt frå 1991 er blant dei lengste sykkelritta i Noreg på 430 kilometer. Rittet går årleg mellom Lærdal–Sogndal via Valdresflya og Sognefjellet. I 2016 sykla 548 deltakarar over dei tre fjellovergangane i rittet.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet, som vart godkjent i 1987, har to skråstilte drakehovud i gull mot ein raud bakgrunn. Motivet er henta frå taket på Borgund stavkyrkje.

Namn

Namnet kjem av norrøntLæradalr, truleg av eit bortkommet elvenamn, Lærr.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Espe, Alfred med flere: Lærdal bygdebok, 1987-, fem bind.
  • Laberg, Jon: Lærdal og Borgund : bygd og ætter, 1938.
  • Lindstrøm, Claus: Mellom øst og vest: eldre bygninger i Lærdal, 2002.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg