Hopp til innhold
X
Innhald

Trædals-lina

På starten av 1900-talet vart det lansert planar om ei vestnorsk «stamjernbane» som skulle fylgje omlag same lina gjennom Sogn og Fjordane som stamvegen E39 fylgjer idag.

Den sterkaste talsmannen for denne lina var stortingsmann Lasse Trædal frå Tredal. Han reiste land og strand rundt som folketalar og sanka støtte. Så sentralt stod Trædal i kampen at Vestlandsbanen på folkemunne vart kalla «Trædals-lina».

Men både desse og andre jernbanekrav vart innhenta av ei ny tid: Bilen gjorde sitt inntog. Mot den fleksible bilen kunne sjølv ikkje det mest finmaska jernbanenett tevle. I Sogn og Fjordane døydde jernbanedebatten difor ut tidleg på 1920-talet, og ein konsentrerte seg i staden om å få mest mogeleg statsstøtte til såkalla «kompensasjonsvegar» til jernbanelause strok.

Les også om: Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.11.2011