Hopp til innhold
X
Innhald

Tragediar på Sognefjellet

Utsyn frå Dyrhaugsryggen. Sognefjellsvegen ligg i Fortunsdalen, det næraste dalsøkket. Vi ser ein del av Jostedalsbréen i det fjerne. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

Utsyn frå Dyrhaugsryggen. Sognefjellsvegen ligg i Fortunsdalen, det næraste dalsøkket. Vi ser ein del av Jostedalsbréen i det fjerne. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

I naudsår vart dalfolket austafjells ofte tvinga til å reise vestover for å skaffe mat. Då stod det ofte om livet når stormen sette inn. Namn som Krosshø og Krossbu ber vitne om tragediar der folk har har sett livet til på fjellet.

I 1812 var det uår og krig. Seks menn frå Bøverdalen la i mars dette året i veg vestover for å kjøpe korn i Bergen. Alle omkom. Ut på våren fann ein både menn og hestar. Dei hadde søkt ly under ein bergnabb, men der hadde dei frose i hel.

Eit par år seinare skulle ein eldre kar som vart kalla Sygne-Nils, vere med eit fylgje over fjellet. Oppe på fjellet kom uvêret over dei, og dei måtte la Sygne-Nils liggje att.

I 1836 var det på nytt uår og «borkebrødstider». Då brukte Hans Volden frå Bøverdalen 14 veker på ein tur til Bergen for å kjøpe korn i byte mot smør.

Fekk dårleg korn

Men trass i slitet og faren ved desse Bergens-reisene, vart dalabøndene ofte dårleg mottekne når dei skulle handle i Bergen. Då var det ofte at dei berre fekk med seg skjemt korn med «skipssmak» heim att. - Dei sat i knipa, og måtte ta til takke med det kjøpmennene prakka på dei.

Les meir om Sognefjellsvegen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011