Hopp til innhold
X
Innhald

Udvigen postopneri var det første

Utvik fekk postkontor alt i 1841. I 1996 var posten i Utvik historie.

Utvik fekk postkontor alt i 1841. I 1996 var posten i Utvik historie.

Utvik fekk postopneri så tidleg som i 1841 fordi Den trondhjemske Postvei gjekk forbi Utvik. Postadressa var Udvigen. Kven som var postopnar den første tida, er ukjent. I Utvik var det lenge korrespondanse med ei rodd postrute vestover Nordfjorden. Denne gjekk til Bryggja. Derifrå gjekk postberaren gjennom Rimstaddalen og over Berstadeidet til Eide i Moldefjorden, der det var korrespondanse med ei ytre postrute som vart rodd eller segla langs kysten.

”Udvigen”-kontoret flytta til Faleide

I 1850 vart postopneriet flytta frå garden Verlo i Utvik til Faleide på nordsida av fjorden, og der vart gardbrukar Anders Rasmussen Faleide første postopnar. Namnet på poststempelet vart samstundes endra til Indvigen, men ein gjekk tilbake til adressa Udvigen i 1875, og det skjedde samstundes med at Indvigen postopneri vart skipa. I 1891 vart adressa endra til Utviken, i 1921 til Utvika og i 1923 til Utvik. Kontoret i Utvik vart lagt ned i 1996 og innordna under Innvik.

Innvik fekk eige postopneri

Indvigen postopneri som vart skipa i 1850, vart lagt til hovudsoknet – d.v.s. i sjølve Innvik. I 1889 vart adressa endra til Indviken og i 1921 til Innvik. Postopneriet i Innvik vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977.

Faleide var ein sentral stad for postdistribusjonen frå Den trondhjemske Postvei vart opna på 1700-talet. I 1977 vart postkontoret i bygda lagt ned. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Faleide var ein sentral stad for postdistribusjonen frå Den trondhjemske Postvei vart opna på 1700-talet. I 1977 vart postkontoret i bygda lagt ned. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Faleide fekk eige postkontor

Faleide låg, som nemnt, på postruta til Den trondhjemske postvei frå den vart opna på slutten av 1700-talet. Frå 1850 til 1875, då postopneriet vart flytta frå Faleide til Innvik, låg postopneriet med adresse Udvigen der. I Posten sine arkiv er det opplyst at alt i 1872 fekk Faleide ”nytt” postopneri med handelsmann og hotelleigar Olai J. Tenden (sjå denne) som første styrar – d.v.s. tre år før det ”gamle” vart flytta til kommunesenteret Innvik. Dette er mykje truleg ei feilregistrering. Det rette er nok at Faleide fekk sitt eige postopneri nokolunde samstundes med at den gamle adressa ”Udvigen” i 1875 vart flytta tilbake til sin rette plass, nemleg i Utvik. I 1890 vart adressa på postopneriet endra frå Faleide til Faleidet, og i 1923 tilbake til Faleide. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Stryn i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2011