Hopp til innhold
X
Innhald

Vadheim jernbaneterminal

På Hovlandsøyra til høgre i dette biletet skulle jernbaneterminalen med ferjehamn etter planane ha vore bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Hovlandsøyra til høgre i dette biletet skulle jernbaneterminalen med ferjehamn etter planane ha vore bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

All denne aktiviteten i Sogn og Fjordane på starten av 1900-talet skapte trong for betre kommunikasjonar, også over land. Frå alle kantar vart det reist krav om jernbaner. Etter mykje ståhei, prioriterte fylkestinget jernbanestrekninga Vadheim-Sandane.

I sørenden var det planen å frakte toga med jernbaneferje frå Flåm til Vadheim. I Vadheim vart det sett av plass for stor ferjeterminal på Hovland, og derifrå skulle jernbanen gå i tunnel mot Ytredalen og vidare nordover til Sande-Førde-Sandane. I nordenden vart det på same vis stukke jernbanetrasé fram til ei ferjekai på Austrheim i Gloppen. Frå denne «stamlina» nord-sør, kunne ein seinare byggje sideliner til Høyanger, Florø og Måløy.

Det var eit omfattande nett med jernbane og tilhøyrande ferjer planleggarane såg føre seg i Sogn og Fjordane.

Det var eit omfattande nett med jernbane og tilhøyrande ferjer planleggarane såg føre seg i Sogn og Fjordane.

Les meir om Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010