Hopp til innhold
X
Innhald

Vadheim vert knutepunkt

Dampskipskaia i Vadheim var lenge det viktigaste trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Det er folksamt når båten frå Bergen legg til kai ein gong på 1890-talet. Foto: K. Knudsen, eigar UBB-KK.

Dampskipskaia i Vadheim var lenge det viktigaste trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Det er folksamt når båten frå Bergen legg til kai ein gong på 1890-talet. Foto: K. Knudsen, eigar UBB-KK.

På slutten av 1800-talet opna nye båtruter for ei heilt ny næring i eit tilbakeståande, men vakkert fjordafylke: Turismen. På eit par tiår vart det bygt kring 50 små og store turisthotell. To av dei kom i Vadheim, for Vadheim vart innfallsporten til den populære turistruta Vadheim-Førde-Jølster-Sandane.

Turistskipa sette i land mange turistar i Vadheim, og desse måtte skyssast vidare til Sandane. Dette var grunnlaget for A/S Fjordenes Automobilselskap. På dette fotoet frå 1936 har ”Stella Polaris” ankra opp på Vadheimsfjorden. Ukjend fotograf. Eigar: Arnold Vik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Innfallsport for turistar

Fylkesbaatane starta rutene sine på Sognefjorden i 1858. Frå første stund vart Vadheim eitt av dei sentrale knutepunkta på Sogneruta. Vadheim vart innfallsporten for ei ny, populær turistrute Vadheim-Førde-Jølster-Sandane. Turistane gjekk i land i Vadheim og vart skyssa til Sandane der dei returnerte med fylkesbåten til Bergen. Då vegen gjennom Våtedalen vart opna i 1894 (sjå Køyrevegar i Jølster og Samferdsle i Gloppen), skaut turistferdsla ekstra fart.

Skulpturen Ferdamannen står som eit symbol på den rolla Vadheim spela i reiselivssamanheng. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulpturen Ferdamannen står som eit symbol på den rolla Vadheim spela i reiselivssamanheng. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjur i Veim

Hotellverten og handelsmannen Sjur Hansen Vadem, som på folkemunne vart kalla Sjur i Veim, vart første ekspeditør for dampskipsrutene i Vadheim frå 1858. Fram til dei første rutebilane kom i 1913 vart turistar og andre passasjerar skyssa nordover frå Vadheim i hestedrosjar. Sjur i Veim bygde hotell i 1886 og utvida kaia i Vadheim i 1892. Også Trædals Hotell vart bygt i desse åra for å huse reisande.

Engelskkurs for kuskane?

Det er interessant å leggje merke til at det så tidleg som i 1889 vart skipa til noko så uvanleg som eit kurs i engelsk i Vadheim. Læraren var ein nordledning som heitte Andsnes og som hadde vore ei stund i Amerika. Han reiste rundt og selde ei bok om tida si som ”tramp” der borte. I Vadheim var det lokale folk som oppmoda Andsnes om å halde engelsskurset. Truleg var dette folk som hadde tilknyting til hotella på staden eller som dreiv med skyssing av turistar, og som såg trongen for engelskkunnskapar både mellom kuskar og hotellbetjening. Også ein norskamerikanar som heitte Foss og som ei tid dreiv kafé i Vadheim, dreiv engelskundervisning for hestekuskane. Seks unge menn frå bygda deltok i kurset: Lars Pedersen, Andreas Mannebrekke, Lars Hermansen Hovland, Knut T. Hovland, Mikal Haaland og Ole N. Hovland. To av desse finn vi nokre år seinare att som skiparar av A/S Vadheims Automobilselskap.

Deltakarar på engelskkurs i Vadheim i 1889. Foto: Chr. Ramsli.

Deltakarar på engelskkurs i Vadheim i 1889. Foto: Chr. Ramsli.

A/S Fjordenes Automobilselskap

I mange år vart turisttrafikken mellom Vadheim og Sandane utført med hest og stolkjerre. Hestekuskane hadde skysstasjonar med byte av hestar på Sande og Langeland før dei på nytt bytte hestar på Hafstad i Førde. I 1908 kom den første søknaden frå K. Bjørkhus i Sykkylven om å få starte ei bilrute på den populære turiststruta Vadheim-Sandane. Men Bjørkhus fekk avslag. Ei av årsakene kunne vere at Kyrkjebø kommunestyre ikkje ville ha slik styggedom som ein bråkande og rask automobil inn på vegane: Kommunestyret vedtok like godt totalforbod mot biltrafikk innanfor kommunegrensene, og kommunestyret i Kyrkjebø heldt fram å seie nei til biltrafikk på strekninga Vadheim-Sande heilt fram til 1913. I 1912 vart likevel strekninga prøvekøyrd med ein hotellbil frå Geiranger, og året etter skipa hotelleigarar i Sunnfjord og Nordfjord A/S Fjordenes Automobilselskap. Dette vart forløparen til Firda Billag som vart skipa i 1920. - Les meir under om Fjordenes Automobilselskap og Firda Billag under Førde og Gloppen kommunar.

Ein bil frå Firda Billag klar til avgang på kaia i Vadheim i 1947. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Ein bil frå Firda Billag klar til avgang på kaia i Vadheim i 1947. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

A/S Vadheims Automobilselskap

Men Fjordenes Autmobilselskap var ikkje det einaste lokale selskapet som freista å få hand om den lønsame turisttrafikken mellom Vadheim og Sandane. I mars 1914 skipa fem menn frå Kyrkjebø kommune A/S Vadheims Automobilselskap.

Ferjerute frå Vadheim

I 1934 vart D/S ”Stavenes” sett inn som bilførande rute mellom Vadheim og Lærdal etter at skipet hadde fått forsterka framdekket. Denne enkle ”bilferja” gjekk dagleg og hadde korrespondanse midtfjords i Sognefjorden for bilar og passasjerar som skulle til og frå Gudvangen. Sommaren 1935 vart det frakta 521 bilar på denne ruta, og året etter var trafikken dobla.

Vadheim har ei over hundreårig historie som eitt av dei viktigaste trafikknutepunkta i Sogn og Fjordane. Folk reiste med båt mellom Bergen og Vadheim og tok landevegen vidare. Her er MS ”Kommandøren” i ferd med å legge til kai ein gong på 1980-talet. Foto: Rolf M. Sørensen.

Slutt på båtrutene i 1988

I 1949 vart kaien i Vadheim mykje utvida då Fylkesbaatane sette inn dei store båtane ”Sognefjord” og ”Sunnfjord” på snøggrutene mellom fylket og Bergen. Men nye ekspressbåtruter og betre vegar mot Bergen gjorde at snøggrutene med større båtar til Bergen vart gradvis amputerte utover 1980-talet. Den siste var ”nattruta” som m.a. hadde stoppestad i Vadheim , og som vart lagd ned i 1988.

Les meir om: Handel og reiseliv i Vadheim

Dampskipskaia i Vadheim i 2006. Det er lenge sidan siste rutebåten gjekk frå kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia i Vadheim i 2006. Det er lenge sidan siste rutebåten gjekk frå kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.09.2010