Hopp til innhold
X
Innhald

Veg over Maurstadeidet

Frå vegenover Maurstadeidet. På steinen til høgre står årstalet 1865. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå vegenover Maurstadeidet. På steinen til høgre står årstalet 1865. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen over Maurstadeidet mellom Bryggja og Åheim vart opna i 1866. Postruta Nordfjord-Sunnmøre vart frå same tid flytta over hit frå ruta frå postopneriet på Eide ved Moldefjorden i Selje (sjå Post i Selje ), over Berstadeidet og gjennom Rimstaddalen til Bryggja. Derfrå vart posten rodd innover til embetsgardane lengre inne i Nordfjord.

På Maurstad kom det skysstasjon då vegen over fjellet vart opna. Men det gjekk fleire tiår før Bryggja og Maurstad fekk vegsamband austover mot Nordfjordeid og vestover til Måløy: Vegen Haus–Maurstad gjennom det bratte fjellet Vindfylla og Lefdal-bygda vart opna i 1938, og først i 1945 vart vegen vestover mot Deknepollen og Måløy opna.

Frå 1920-talet og fram til 1938 dreiv difor Knut Nore frå Maurstad bilskyss med ei enkel ferje mellom Haus og Måløy – ei ferjestrekning som vart korta ned til Maurstad–Måløy fram til riksvegen vestover til Deknepollen kunne opnast i 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.04.2010