Hopp til innhold
X
Innhald

Veg til Undredal

Undredal fekk veg i 1988. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Undredal fekk veg i 1988. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Arbeidet med veg mellom Flåm og Undredal starta som sysselsettingstiltak i 1956. Denne vegen skulle gå langs fjorden og skulle bli 13 km lang. Men arbeidet vart stansa etter at det var bygt 600 meter veg, mellom anna på grunn av ei dødsulukke på anlegget. Den 25 år gamle Ottar Frondal frå Hjøllo miste livet då han fekk ei steinblokk over seg.

På 1960-talet prøvde undredølene å få veg til bygda inn som konsesjonsvilkår då Oslo Lysverker fekk starte kraftutbygging i Aurlandsdalen, men det lukkast ikkje.

Men sjansen for Undredal kom då stamvegen Oslo-Bergen vartlagd gjennom Aurland. Etter at det var gjennomslag i Flenjatunnelen mellom Flåm og Langhuso i 1984 starta arbeidet med veg frå Langhuso til Undredal. Den 6,2 km lange vegen vart opna i 1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.06.2012