Vegane på Husevågøya

Husevågøy i midten av biletet, som er teke frå oppstiginga til Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Husevågøya er den største øya mellom Vågsøya og Bremangerlandet. Frå gamalt av var det ein enkel bygdeveg gjennom sjølve grenda Husevåg.
I 1975 vart det bygt veg Ramsevik-Tytingvåg-Krabbestig. I 1989 vart det bygd veg over fjellet frå Husevåg til Ramsevik. Tanken var å halde fram med vegen heilt fram til ferjekaia ved Våganeset, men denne siste stubben kom ikkje før i 1992.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 24.01.2010