Vegar i Fjaler

Fylkesveg 57 er hovudvegen for Fjaler kommune. Framleis i 2010 har vegen svært vekslande standard. Dette er frå ei strekning som er utbetra, ved Sagevika på grensa mot Gaular. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Gamle ferdslevegar i Fjaler
Mellom Guddal og Lavik/Lavikdalen gjekk det i gamal tid fleire kløvjevegar. Den Trondhjemske Postvei vart bygt gjennom fylket i 1795.

Brua over Gallefoss i Guddal. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Guddal-Vadheim
Guddals-folket sette fram dei første krav om skikkeleg veg til fjorden i Flekke på 1830-talet. Vegen Rennestraum-Lassevik var ferdig 1885, Lassevik-Engen 1897, og først kring 1912 var vegen fullført til Heggheim inst i Guddalen.
Frå Vadheim-sida vart vegen bygt til Ullebø i 1927, men samanhengande veg frå Guddal i Fjaler til Vadheim kom først i 1972.

Nautsundbrua på fylkesveg 57 mellom Flekke og Leirvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Dale-Flekke-Leirvik
- sjå Den trondhjemske Postvei i Fjaler.
Håland-Tømmerbakke
Mellom Håland og Tømmerbakke vart det bygt bygdeveg i 1902.
Fylkesveg 607 frå Øen
i Hyllestad til Hellevik i Fjaler kommune vart opna i 1908.

Bygging av Paradisbrua på veganlegget mellom Osen og Dale. Vegen var ferdigbygd i 1958. Foto: Dagfinn Reiakvam. ©Fylkesarkivet.
Vegen Osen-Dale
vart opna i 1958, etter arbeid på veganlegget sidan 1937. Fram til 1958 var det berre sjøvegen som knytte Fjaler til resten av Sunnfjord (sjå: Ferdsla på fjorden i Fjaler), fordi det heller ikkje var veg langs Sognefjorden mellom Lavik og Vadheim før i 1958.
Veg Flekke-Fure
vart opna i 1959. Mellom Gjølanger og Hellevik vart det bygt ny veg i 1971, og på den eldste strekninga mellom Tysse og Flekke vart det bygt ny veg i 1975.

Fylksveg 607 ved Solheim, med bru over Flekkevassraget. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Straumsnes
fekk vegsamband med omverda først i 1971, sjølv om vegarbeidet hadde starta i 1948.

Lammetunbrua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lammetunbrua
vart opna i 1983, og er ei hengebru som vart flytta frå Hvåra ved Larvik. Brua vart gjennom pressa tilbydd gratis til den som ville rive ho. Dei fem familiane på den veglause øya ytst i Fjaler slo til, og med eigenkapital og støtte frå kommunen vart brua flytta frå Austlandet og montert over det smale sundet som skilde øya frå fastlandet.
«Kystvegen»
frå Laberg i Hyllestad kommune til Folkestad i Fjaler kommune vart opna i 1989.

Steinsetvatnet med vegen mellom Guddal og Sande på andre sida av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vegen Guddal-Solås
i Gaular kommune vart opna i 2006, og er 9,2 kilometer lang.
Kampen om Dalsfjordsambandet
I 1975 starta arbeidet på veg innover nordsida av Dalsfjorden frå Eikenes, men arbeidet vart stansa. Først i 2010 kom det i gang att.

Frå Eikenes ferjekai kan vi skimte den påbyrja vegen innover nordsida av Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 01.11.2010