Hopp til innhold
X
Innhald

Vegar i Gulen

Dette biletet fortel ein del om det som er typisk for Gulen, ein kommune som er samansett av mange øyar, og der oppdrett er blitt ei viktig næring. Vi ser Mjåsundet bru som bind saman Sandøy og Mjømna, og eit oppdrettsanlegg ved Tunsberg. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Rideveg over Takledalen

mellom Austgulen og Sognefjord-sida vart bygd i 1811-1812 etter opptak frå prost Niels Griis Alstrup Dahl. Dette letta ikkje minst presten si reise frå Eivindvik til annekskyrkja i Brekke, der Dahl også ei tid eigde den gamle sorenskrivargarden Lovisendal og tilhøyrande gjestgiveri.

Køyreveg frå Dalsøyra til Dale

vart bygd i 1860.

Vegen Brekke-Ynnesdal

vart påbyrja i 1899, men var ikkje ferdig før i 1928.

Veg Indre Oppedal-Ytre Oppedal

vart bygd i 1905.

Vegarbeid mellom Takle og Hjartholm på strekninga Brekke-Rutledal i 1934. Frå venstre  Henrik Ynnesdal, Leidulf Ness, Johannes B. Takle, Torvald Takle, Endre K. Takle og NN Bruåsdal. Foto: Artur Botnen. Eigar: Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegen Brekke og vestover

til Indre Hjartholm vart påbyrja i 1906, men ferdig først i 1936.

Ved Bålen er det ei lang og rett strekning på fylkesvegen mellom Brekke og Rutledal. Men dette er eit unnatak, stort sett er det kort veg til neste sving på vegane i Gulen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Bålen er det ei lang og rett strekning på fylkesvegen mellom Brekke og Rutledal. Men dette er eit unnatak, stort sett er det kort veg til neste sving på vegane i Gulen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny køyreveg gjennom Eivindvik sentrum

var ferdig i 1924.

Vegen Dalsøyra-Dalsbygda

vart opna i 1926.

Vegen Kjellevold-Lund

vart opna i 1927.

Vegen Austgulen-Oppdalsøyra

vart bygd i 1928, i 1933 til Hauge.

Bruarbeid ved Kringla tidleg på 1930-talet. Frå venstre ukjend, Johannes Østerbø, Ivar K. Botnen, Nils J. Hjartholm, Artur I. Botnen, Didrik Sandvik, Endre K. Takle og Leif Botnen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vegen Haveland-Nordgulen-Rutledal

vart utbetra under 2. verdskrig. I 1944 miste anleggsarbeidar Harald Tveit frå Nordgulen livet i ei arbeidsulukke på dette anlegget.

Vegen frå Dalsøyra til Eidsbotn

inst i Eidsfjorden og vidare til Halsvik vart opna i 1953.

Hantveit

fekk vegsamband til Levra ved Leversund i 1955.

Mykje av vegnettet i Gulen er som her ved Takle, smalt og svingete. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mykje av vegnettet i Gulen er som her ved Takle, smalt og svingete. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen frå Glenja

ved Eidsfjorden og vest til Fivelsdal ved Brandangersundet vart opna i 1955. Den hadde vore under bygging sidan 1935. I 1968 vart vegsambandet nordover frå Fivelsdal opna, slik at bygdene Sellevåg og Furnenes fekk vegutløysing.

Vegen Rutledal-Brosvik

vart opna i 1959.

Vegen Nyhamar-Hjartås

på Hisarøy var ferdig i 1963, og frå Hjartås til Vilsvik i 1968.

1964 viktig veg-år i Gulen

1964 vart eit viktig år for landverts kommunikasjon i Gulen, for då vart fleire lokale vegar knytte saman til eit samanhengande riksvegnett ved at brua over Leversundet ved utløpet til Austgulefjorden vart opna.

Vegfylling like aust for Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegfylling like aust for Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunesenteret Eivindvik får vegutløysing

Vegen Nordgulen - Eivindvik vart opna i 1966, etter at bygdefolket i Eivindvik hadde forskottert prosjektet. Dermed hadde kommunesenteret vegsamband til det samanhengande vegnettet som vart opna i 1964 og er omtala ovanfor.

Trafikk over Verklandshøgda

Frå 1966 gjekk ein stor del av trafikken nord-sør på Vestlandet mellom ferjeleia i Duesund og Brekke over Verklands-høgda.

Sygnefest

fekk veg til Brosvik og vidare Rutledal i 1968. Parsellen Sygnefest-Risa var ferdig i 1964.

Instefjordtunnelen på vegen mellom Instefjord og Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Instefjordtunnelen på vegen mellom Instefjord og Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Instefjord-Brekke

vart opna i 1969 - dvs. fire år etter at Brekke ferjekai vart opna. Her går vegen gjennom Hauglandtunnelen (838 meter) og Instefjordtunnelen (538 meter).

Veg frå gardar til Ånneland

Gardane Sande, Kittelsvik og Skipavik på sørspissen av Sandøy fekk veg nordover til Ånneland i 1969.

Ikjefjordbrua

(340 meter) opna i 1977 og gjev vegsamband mellom Oppedal i Gulen og Bjordal i Høyanger.

Jernfjelltunnelen

(981 meter) på E 39 mellom Kringla og Haugsvær vart opna i 1989 - sjå: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Instefjord-Oppedal

på E 39 med Skrikebergtunnelen (1508 meter) opna 1990. - sjå: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Brua over Mjømnesundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brua over Mjømnesundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brusambandet Mjømna-Byrknesøy

med bru over tre sund vart opna på 1990-talet: Brua mellom Sandøy og Mjømna over Mjåsundet (219 meter) vart opna i 1992, og bruene over Nappsundet (142 meter) og Mjømnesundet (381 meter) som bind saman Byrknesøy med Mjømna, vart opna i 1997.

Dingjavegen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dingjavegen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dingja–Eivindvik

vart opna i 2007, og dermed vart det samanhengande veg på ei rundkøyring frå Rutledal gjennom Dingja og til Eivindvik.

Bru over Brandangersundet

mellom Sandøy og fastlandet vart opna i 2010 og gav folket på øyane Byrknesøy, Mjømna og Sandøy samband med vegnettet på fastlandet. Bru er ei såkalla nettverksbogebru med eit hovudspenn på 220 meter, og vert den lengste brua av dette slaget i Noreg. Brua med tilførslevegar kosta 215 millionar kroner.

Brandangersundet i 2007, før bruarbeidet tok til. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brandangersundet i 2007, før bruarbeidet tok til. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

E 39 mellom Sogn og Bergen

Europaveg 39 er hovudvegen på Vestlandet, og vann kampen som ein gong i tida stod med riksveg 13 over Voss-Vik om å verte stamveg i landsdelen. I dag går E 39 ferjefritt over den mektige Nordhordlandsbrua og gjennom flotte tunnelanlegg i Nordhordland og Gulen. Men stamvegsambandet etter ytre line hadde mange motstandarar før det endeleg vann fram.

Ferja legg til på Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferja legg til på Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.11.2010