Hopp til innhold
X
Innhald

Vegar i Stryn

Riksveg 15 over Strynefjellet med Videsetersvingane i framgrunnen og Hjelledalen i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 15 over Strynefjellet med Videsetersvingane i framgrunnen og Hjelledalen i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei eldste vegane over Strynefjellet

Frå gamalt av var det ferdsle- og driftevegar til Austlandet over Strynefjellet mot Ottadalen.

Driftevegane austover frå Stryn

Både over Strynefjellet og Kamperhamrane mot Ottadalen og over Hostedalsbréen mot Sogn gjekk det fédrifter i gamle dagar.

Oldevatnet med Melkevollbréen. Vegen over Oldeskaret går opp framfor Middagsnibba, som er den markerte toppen til høgre for bréfallet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldevatnet med Melkevollbréen. Vegen over Oldeskaret går opp framfor Middagsnibba, som er den markerte toppen til høgre for bréfallet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldeskaret

Frå inste Oldedalen og til Stardalen i Jølster har det frå gamalt av vore ferdsle over Oldeskaret som ligg ca. 1150 m.o.h. Oldeskaret er den kortaste vegen over til Sunnfjord frå indre Nordfjord. I Oldedalen startar fjellstien over Oldeskaret eit stykke nedanfor fjellstova i Briksdalen, og på Jølster-sida kjem den ned i Stardalen på Høgset. Frå 1905 vart det halde årvisse ”Oldeskarstemne” i dette fjellpasset.

Den Trondhjemske Postvei i Stryn

Den Trondhjemske Postvei mellom Bergen og Trondheim vart oppretta i 1795.

Vegen langs Lovatnet med garden Helset nærast og Bødal til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen langs Lovatnet med garden Helset nærast og Bødal til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Turistvegen til Lodalen

Turistvegane frå Loen og opp til Loenvatnet vart opna 1881. Derifrå gjekk det turistbåtar innover til Bødalen og Kjenndalen. – Sjå eigen artikkel om desse. Vegen var ferdig heilt inn til Kjenndalen i 1938.

Vegen i Oldedalen

Bygginga av vegen oppover Oldedalen gjekk i etappar frå midten av 1800-talet og bort imot 100 år. Dei øvste bygdene i Oldedalen fekk såleis ikkje vegsamband med bygda ved sjøen før i 1955.

Faleide fekk veg på 1890-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Faleide fekk veg på 1890-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn-Faleide

Frå bygdesenteret på Tonning og til ”kommunikasjonssenteret” Faleide vart det bygt køyreveg tidleg på 1890-talet.

Strynefjellsvegen

Den første Strynefjellsvegen over Videsæter vart bygd 1894, først og fremst som turistveg. Då heilårsvegen over Strynefjellet vart opna av kong Olav V i 1978, vart den kalla livsnerven for Nordfjord mot aust.

Vegfarande nyt utsynet frå vegen over Utvikfjellet på 1930-talet. Foto: Normann.

Vegfarande nyt utsynet frå vegen over Utvikfjellet på 1930-talet. Foto: Normann.

Kjerrevegen over Utvikfjellet

vart avløyst av bilveg i 1934. Denne vegen går opp frå Byrkjelo på Breim-sida. Byrkjelo vart dermed det nye trafikkknutepunktet i Breim, og Rebakken kom i bakleksa.

Riksvegen rundt Innfjorden

I Nordfjord går bygdene rundt inste delen av Nordfjorden under nemninga Innfjorden. Her gjekk riksvegbygginga føre seg i åra frå 1900 og fram til den siste strekninga mellom Olden og Innvik vart opna av kong Haakon VII i 1936. Heilt fram til då måtte bilane fraktast med båt over fjorden mellom Utvik og Faleide.

Riksveg 15 i Svarstadsvingane, sju kilometer vest for stryn sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 15 i Svarstadsvingane, sju kilometer vest for stryn sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksvegen mot Nordfjordeid

var ferdig i 1911. I 1992 var riksveg 15 i Skredestranda ferdig som to-felts veg, etter byggjearbeid som hadde pågått sidan 1966. Sjå Riksveg 15 gjennom Eid.

Riksveg 15 langs Strynevatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 15 langs Strynevatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg langs Strynevatnet

Samanhengande veg langs Strynevatnet kom i 1923. Først då var det samanhengande veg mellom Nordfjord og Gudbransdalen – utan båtskyss på Strynevatnet.

Hopland

Vegen frå Hoplandsnausta og opp til tunet på Hopland kom i 1922. På 1940-talet vart det også bygt veg opp bakkane på austsida av elva.

I 2005 vart vegen mellom Hopland og Hennebygda opna, slik at det vart samanhengande veg mellom Stryn og Lote. Dei som køyrer denne vegen kan nyte dette utsynet over Utfjorden med Snønipa i bakgrunnen midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen på nordsida av fjorden

Fylkesvegen frå Faleide til Lote vart fullførd i 2005. Dei mange storslagne utsiktspunkta på vegen gjer at den i turistreklamen vert kalla «Panoramavegen».

Vegen til Flo

var ferdig i 1964. Den gav også vegutløysing til Skår og Veslebygda på nordsida av Strynevatnet.

Flo fekk veg i 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flo fekk veg i 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E39 gjennom Stryn

I juni 2014 vedtok regjeringa Solberg at E39 i framtida skal gå i tunnel under Utvikfjellet, meed bru frå Frøholm til Faleide, og derifrå via Grodås og Kvivsvegen vidare mot Volda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 10.06.2014