Vegar i Vågsøy

På dette biletet, som er teke ved vegkrysset i austenden av Refvikvatnet, ser vi både den gamle og den nye vegen til Kvalheim oppe i fjellsida, den nyaste øvst. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Veg over Maurstadeidet
Vegen over Maurstadeidet mellom Bryggja og Åheim vart opna 1866.
Veg Raudeberg-Refvik
kom i 1877.
Raudeberg-Kvalheim
Før denne vegen vart opna i 1880, vert det fortalt om strabasiøse reiser for folket på Kvalheim når dei skulle gravleggje folket sitt på gravstaden i Røysa på Raudeberg.
Bygdevegane på Fastlandet
Vegen i Rimstaddalen vart bygd kring 1890.
Fiskeriveg Vågsvåg–Torskangerpoll
I 1892 vart det bygd ein såkalla «fiskeriveg» mellom Vågsvåg og Torskangerpoll.
Gate 1 i Måløy
Hovudvegen frå Sæternes til Gottebergshammaren vart opna i 1902. Denne vegstubben er i dag kjend som Gate 1.

Vedvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Rundkøyringa i Nord-Vågsøy
Raudeberg-Halsør-Vedvik-Refvik-Raudeberg vart opna i 1902. Då hadde Refvik hatt vegsamband til Raudeberg sidan 1877.
Vegen Måløy-Raudeberg
vart opna i 1923. Denne vegen var smal og fleire stader utsett for ras. I 2007 vart vegen opprusta for over 100 millionar kroner til tofelts veg, m.a. med ein 660 meter lang tunnel gjennom fjellhammaren Skåra.

Skåratunnelen på vegen mellom Måløy og Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hamneproblem gav veg til Kråkenes
Vegen til Kråkenes vart bygd i åra 1933-38. På 1990-talet vart det bygt ny veg til bygda.
Vegen Måløy–Vågsvåg
vart opna i 1938.
Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid
Riksvegsambandet frå Nordfjordeid vestover var ferdig til Haus 1928. Derfrå gjekk det ei båtrute/ferje til Maurstad. Seinare er vegen bygd ut til tofelts ferjefri veg.

Vegen mellom Almenning og Selje går gjennom bygda Runderheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Veg Almenning-Selje
vart opna i 1967 – Les meir om vegsambandet mot Selje i artikkelen Ny riksveg utan fjellkryssing i 1966 under Selje kommune.
Måløybrua opna i 1973
– les meir i artikkelen Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid.

Måløy med Måløybrua sett frå Kletten. Foto: Arild Nybø, NRK.
Vegane på Husevågøya
I 1975 vart det bygt veg Ramsevik-Tytingvåg-Krabbestig.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.10.2011