Vegen Bogen-Teigen

På dette biletet ser vi inngangen til den gamle tunnelen på vegen Vadheim-Teigen lengst til venstre. Strekninga derifrå til inngangen til den nye Bogstunnelen var svært rasfarleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Bogstunnelen på E-39 (3.482 meter) frå Bogen til Teigen vart opna i juni 2004. Den gamle vegen langs Vadheimsfjorden var utsett for ras, og fleire gonger var det nære på at menneskeliv gjekk tapt. I lokal aksjonsgruppe pressa på for å få ein sikrare veg.
Den nye tunnelen vart delfinansiert ved at det vart kravd inn bompengar som ein del av billetten på Lavik-Oppedal.

Inngangen til Bogstunnelen på vestsida. Til høgre ser vi den gamle vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.09.2010