Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen Gaupne-Skjolden

Vegen mellom Gaupne og Skjolden passerer Nes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vegen mellom Gaupne og Skjolden passerer Nes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vegen Luster-Skjolden vart opna i 1899. Her vart ein av dei første vegtunnelane i fylket bygt ved Ottum. Berre den 117 meter Kårdalstunnelen som vart bygt i Flåmsdalen i 1898 er eldre. Tunnelen var ein del av sambandsvegen til anlegga på Bergensbanen (Oslo-Bergen).

Vegen Gaupne-Nes vart opna i 1917, og dermed var det samanhengande veg mellom Gaupne og Skjolden. I 1928 fekk vegen Sogndal-Skjolden riksvegstatus saman med andre hovudvegar i fylket.

Tidleg på 1960-talet vart ein mjølkebil treft av ras ved Gullringen på vegen mellom Dale og Skjolden. Ein stor stein trefte lasteplanet. Sjåføren Johan Johnsen kom til all lukke frå det utan skade. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegen vart utbetra Gaupne - Nes i 1972 m.a. med den 514 meter lange Råumstunnelen. Ein ny tunnel på 572 meter ved Ottum mellom Luster og Skjolden var ferdig i 1968.

Rv 55 i Gullringen før strekninga vart rassikra. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Rv 55 i Gullringen før strekninga vart rassikra. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.03.2011