Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen i Oldedalen

Vegen til Oldedalen var eit langvarig prosjekt. Det tok nesten 100 år før det var fullført. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen til Oldedalen var eit langvarig prosjekt. Det tok nesten 100 år før det var fullført. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygginga av vegen oppover Oldedalen gjekk i etappar frå midten av 1800-talet og bortimot 100 år. Dei øvste bygdene i Oldedalen fekk såleis ikkje vegsamband med bygda ved sjøen før i 1955.

Utbygginga var prega av at vatna i dalen lenge var den viktigaste ferdsleåra både for fastbuande og turistar og av skredfaren, særleg langs det øvste vatnet. Oldevatnet er forma som tre ”vatn” med smale sund imellom – på Eide og Sunde.

Om sommaren er det stor turisttrafikk på den smale og svingete Oldedalsvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Om sommaren er det stor turisttrafikk på den smale og svingete Oldedalsvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg frå fjorden til vatnet kom først

Den første vegstrekninga frå Sjøatunet ved elvemunningen og opp til Eide var ferdig i 1860. Den aukande turismen gjorde at ein deretter bygde veg i gjennom dei øvste bygdene frå Rustøen ved Oldevatnet til Briksdalen og bréen. Denne vegen vart bygd i åra 1886-1891. Dermed kunne ein frakte turistane i hestekarjol frå fjorden og opp til Eide. Der kunne turistane stige om bord i dampbåten ”Alda” eller andre av dei små turistbåtane og verte skyssa oppover Oldevatnet til Rustøen, og så derifrå til bréen i Briksdalen med hesteskyss.

Vegen frå Rustøen mot Briksdalen var ferdig alt i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen frå Rustøen mot Briksdalen var ferdig alt i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samanhengande veg frå fjord til bre i 1955

Vegbygginga langs Oldevatnet frå inste Oldedalen til fjordbygda kom ikkje i gang før eit godt stykke inn på 1900-talet: Frå Rustøen og nedover til Yri var vegen ferdig i 1935. Kjellingbakken-Flåten var ferdig i 1940. Vegen mellom Sunde bru og Eide bru vart opna i 1950, og først i 1955 var det samanhengande veg langs heile Oldevatnet då strekninga frå Yri via Gytri til Flåten vart opna.

Ein av rastunnelane som er bygde på Oldedalsvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av rastunnelane som er bygde på Oldedalsvegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men mange stader var Oldedalsvegen svært utsett for snøskred. I 1963 vart det difor bygd ein betongtunnel under eit fonnløp i Sandvika, i 1975 under Fossvega og i 1988 ein tunnel i Svoragrova. I Sandvika vart det bygt røyrtunnel i 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.01.2012