Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen mellom Høyanger og Vadheim

Frå veganlegget Vadheim-Klævoll på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå veganlegget Vadheim-Klævoll på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegsambandet frå det gamle trafikknutepunktet Vadheim og austover mot industribygda Høyanger vart bygt i etappar. Byggearbeidet strekte seg over meir enn 50 år og viser tydeleg korleis vegprioriteringane vart styrde av samfunnsutviklinga: Det gamle bondesamfunnet prioriterte å knyte saman den gamle skysstasjonen på Klævoll og grendene aust til Berge med kyrkjestaden og handelsbua på Kyrkjebø. Då industrien i Høyanger kom i gang, vart det viktig å knyte den nye industristaden saman med det gamle kommunesenteret på Kyrkjebø. Den siste riksvegstrekninga som vart opna, var sambandet frå Høyanger og Kyrkjebø mot det gamle trafikknutepunktet Vadheim.

Klævoll-Kyrkjebø

Vegen Klævoll-Kyrkjebø-Berge vart opna i 1882. Dette var den første bygdevegen som vart bygd i Kyrkjebø kommune.

Nordeidevegen på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nordeidevegen på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høyanger-Nordeide

Vegen mellom Høyanger og Nordeide vart opna i 1934. Etter opninga av Høyangertunnelen i 1982 vart den rasfarlege strekninga på vestsida av Høyangsfjorden lagd om og utbetra. Dei viktigaste tiltaka her var Hovdentunnelen (1283 meter) og Kvernhaugtunnelen (1334 meter).

Ein buss står klar til avgang ved Ørens Hotell i Høyanger på 1940-talet. Frå 1937 var det samanhengande veg frå Høyanger til Vadheim. Ukjend fotograf. Eigar: Herman Midtbø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Klævoll-Vadheim

Vegsambandet Høyanger-Vadheim vart opna i 1937 då strekninga på austsida av Vadheimsfjorden mellom Klævoll og Vadheim var fullført. Men vegen gjekk framom eit rasfarleg berg like aust for Vadheim, og her vart den nye Vadheimstunnelen (1658 meter) opna i 1972.

Rassikring Høyanger-Nordeide

Etter opninga av Høyangertunnelen i 1982 vart den rasfarlege strekninga Høyanger-Nordeide på vestsida av Høyangsfjorden utbetra - m.a. med Hovdentunnelen (1283 meter) og Kvernhaugtunnelen (1334).

Før 1982 var vegen mellom Nordeide og Høyanger rasfarleg, og bilar kunne berre passere kvarandre på møteplassar. I dag er det ein trygg og god veg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Før 1982 var vegen mellom Nordeide og Høyanger rasfarleg, og bilar kunne berre passere kvarandre på møteplassar. I dag er det ein trygg og god veg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.09.2010