Vegen over Hemsedalsfjellet
Dagens Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den kortaste ferjefrie vegen mellom Oslo og Bergen. Dette biletet er teke ved Hola i oppstiginga frå Borlaug. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Det var ikkje berre den eldgamle veglina over Filefjell som vart nytta i samkvemet mellom Austlandet og Vestlandet. Hallingdølene var flittige gjestar vestom fjella både på marknad og i andre handelsærend, og reisande mellom aust og vest såg også at det kunne gå vel så kjapt å reise over Hemsedalsfjellet som over Filefjell og gjennom Valdres når ein skulle mellom Oslo og Bergen. Difor vedtok Stortinget alt i 1839 å byggje skikkeleg køyreveg over Hemsedalsfjellet. I 1840 fekk Ivar Olson Berge løyve til å drive fjellstove på Breistølen ovanfor Borgund. Ei tilsvarande fjellstove vart bygd på Bjøberg på Hemsedalssida.
Handelsbu på fjellet i anleggstida
Under anleggsperioden dreiv også Kristoffer og Sønneva Lemvig Horge innkvartering av anleggsfolk på Eggjestølen. Dei kjøpte ei stor stove i Hemsedal til føremålet. ”Gamlekremmaren” på garden Berge nede i Borgund, Håkon Olsson Kvamme, sette opp ei handelsbu oppe på fjellet der han selde varer til anleggsfolket. Vegen over Hemsedalsfjellet fekk stor betydning for reisande i åra kring 1900, før Bergensbana over høgfjellet vart opna i 1909. - Les elles i eigen artikkel: Jernbanedraumar i Lærdal, m.a. om utbygginga av Bergensbana i Hallingdal.
Svein Hovland var ein oppfinnsam kar som ikkje let litt snø stanse seg. Han gjorde denne bilen om til beltebil og køyrde i rute over Hemsedalsfjellet. Biletet er teke ved Breistølen. Fotoet er utlånt av Kåre Hovland.
Køyrevegen over Hemsedalsfjellet vart utbetra i 1907, men vinterfjellet vart ikkje brøyta før på 1970-talet. For å skaffe sledane køyreveg, nytta ein difor store flokkar tamrein som trakka hard køyreveg i snøen over fjellet!
Seinare er vegen utbetra til å møte moderne biltrafikk, og i 2014 er riksveg
52 over Hemsedalsfjellet den mest nytta høgfjellsvegen mellom Oslo og Bergen. I
ei tilråding frå Statens vegvesen i 2014 vart Hemsedalsfjellet saman med
Haukelifjell peika ut til dei to framtidige hovudvegane mellom aust og vest.
Hemsedalsfjellet vart også tilrådd som hovudfartsåre mellom Oslo og Ålesund. I
desse planane inngår og ei framtidig bru over Sognefjorden som erstatning for
ferjesambandet Mannheller-Fodnes.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.06.2015