Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen vestover frå Vik

Vegen til Arnafjorden og Framfjorden med Nese inst i fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen til Arnafjorden og Framfjorden med Nese inst i fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bilvegen frå Vik og fram til Ligtvor var ferdig i 1939, og i 1968 var vegen vestover komen til Limmesand. Samanhengande bilveg frå Vik til Nese i Framfjorden vart opna i 1973.

Kort tid etter at vegen til Framfjorden vart opna, kom det eit veldig ras frå fjellet mellom Hola og Bunganeset. Jordmassane i heile lia vart destabiliserte av raset og seig ned. Folk ottast at mykje av fjordsida skulle rase ut i fjorden. Raset førde til at den nybygde vegen seig med kring 70 centimeter og vart stengd til faren var over.

Framfjordtunnelen på 864 meter vart opna i 1974.

Veg frå Dale til høgdegarden Lee i Framfjorden vart bygd i 1898.

Vegen frå Vikøyri (i bakgrunnen) til Ligtvor vart opna i 1939. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen frå Vikøyri (i bakgrunnen) til Ligtvor vart opna i 1939. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010