Hopp til innhold
X
Innhald

Vegsambandet Årdal-Tyin

Vegen opp Heirsnosi var ikkje for folk som vart lett svimle. Det var bratt utfor, og bilførarane måtte gjennom 42 hårnålsvingar opp til 1000-meteren på Heirsnosi. Foto: NTB. Eigar: Årdal Sogelag.

Vegen opp Heirsnosi var ikkje for folk som vart lett svimle. Det var bratt utfor, og bilførarane måtte gjennom 42 hårnålsvingar opp til 1000-meteren på Heirsnosi. Foto: NTB. Eigar: Årdal Sogelag.

Vegen Øvre Årdal - Valdres over Heirsnosi vart opna i 1934. Første gong kravet om veg frå Øvre til Valdres vart fremja, var i 1887. Anleggsarbeidet starta i 1910 av Tyinfaldene A/S.

Det var ikkje berre berre å opne gamlevegen til Tyin etter vinteren. Ukjend fotograf. © Årdal Sogelag.

Det var ikkje berre berre å opne gamlevegen til Tyin etter vinteren. Ukjend fotograf. © Årdal Sogelag.

Høgste punkt på gamlevegen Øvre Årdal-Tyinkrysset ligg på 1117 meter over havet (ved Tyin-vatnet) meter, og frå Øvre Årdal er høgdeforskjellen over 1000 meter opp til Heirsnosi. Vegen slynga seg i 42 svingar opp den stupbratte fjellsida.

Gamlevegen på strekninga mellom Heirsnosi og Sletterust eignar seg i dag berre til gang- og sykkelveg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlevegen på strekninga mellom Heirsnosi og Sletterust eignar seg i dag berre til gang- og sykkelveg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjellvegen fekk bussrute

Ved opninga av fjellvegen til Tyinkrysset og Valdres i 1934 starta Peder Opheim og Valdresruta ved Ivar Opdal rutekøyring mellom Øvre Årdal og Tyin Hotell. Også Ole H. Hestetun og Alf O. Vee dreiv drosje på denne tida.

Frå gamlevegen opp Heirsnosi er det eit svært luftig utsyn over Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå gamlevegen opp Heirsnosi er det eit svært luftig utsyn over Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjellvegen Årdal-Tyin vart turistattraksjon

Fjellvegen mellom Årdal og Tyin vart straks ein stor turistattraksjon då den opna i 1934.

Stygg ulukke

I 1957 omkom tre personar då ein norsk personbil kolliderte med ein fransk bil og ramla utfor. Franskmannen hadde ikkje overhalde reglane om timekøyring på den smale fjellvegen. Det vil vil seie at trafikken gjekk berre ein veg ein time i slengen for å unngå møtande trafikk.

Den lange og nesten snorrette strekninga på nyevegen langs Torolmen er ein kontrast til den smale og svingete gamlevegen på andre sida av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den lange og nesten snorrette strekninga på nyevegen langs Torolmen er ein kontrast til den smale og svingete gamlevegen på andre sida av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ny veg i 1962

Ny veg mellom Årdal og Tyinkrysset vart opna i 1962. Denne vegen går i tre hårnålsvingar som er lagde i tunnel opp til 400 meters høgde. Derifrå stig vegen svakt langs fjellsida til Holsbru, og fylgjer deretter austsida av Moadalen opp til Mannsberg og vidare mot Tyinosen, der den i det vesentlege fylgjer same traseen som gamlevegen til Tyin.

På Valdressida har trafikantane dette utsynet over Tyinvatnet mot Jotunheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Valdressida har trafikantane dette utsynet over Tyinvatnet mot Jotunheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utbetra, men mykje vinterstengd

Seinare er delar av vegen utbetra i samband med modernisering av Tyin kraftverk på 2000-talet. Men strekninga frå 400-meteren opp til Holsbru er i 2011 framleis smal, svingete og rasfarleg, særleg i Jåteli. Årdal kommune har arbeidd hardt for å få midlar til å utbetre denne stekninga. I tillegg vart brøyteberedskapen på Årdal-Tyin redusert etter at Årdal fekk vegsamband via Lærdal, og dette har ført til at vegen har vore mykje stengd om vinteren.

Strekninga frå 400-meteren gjennom Jåteli til rasoverbygget til venstre i biletet er smal, svingete og rasfarleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strekninga frå 400-meteren gjennom Jåteli til rasoverbygget til venstre i biletet er smal, svingete og rasfarleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.04.2011