Hopp til innhold
X
Innhald

Vegsambandet mot Førde

Riksveg 5 mellom Eikefjord og Grov etter utbetringa som var ferdig i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 5 mellom Eikefjord og Grov etter utbetringa som var ferdig i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Eide, mellom Florølandet og Krokane, vart det i 1873 grave ein kanal slik at roande inne frå fjordane fekk kortare veg til Florø enn om dei måtte heilt ut i Furesundet for å kome til byen. Samstundes med at Kanalen vart opna, varet det bygd ei enkel bru over. Kravet om vegsamband frå Florø til Førde vart første gong reist i 1891. Vegen vart bygd i fleire etappar, men samanhengande veg Florø-Førde over Ramsdalsheia vart opna først i 1945. Under 2. verdskrig pressa tyskarane på for å få bygd den strategisk viktige vegen mellok kysten og innlandet. Det same var tilfellet i Nordfjord, der tyskarane slo gjennom vegsambandet over Almenningsfjellet og opna samanhengande bilveg frå Nordfjordeid til Deknepollen i 1943.

Vegen over Ramsdalsheia med Ramsdalsheitunnelen vart opna i 1945 og var ein del av sambandet mellom Førde og Florø i 50 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen over Ramsdalsheia med Ramsdalsheitunnelen vart opna i 1945 og var ein del av sambandet mellom Førde og Florø i 50 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdalstunnelen (5920 meter) vart opna i 1995. Tunnelen vart delvis finansiert med bompengar og avløyste den dårlege vegen over Ramsdalsheia mellom Svarthumle og Naustedalen. Vegen over Ramsdalsheia vart samstundes stengd, men etter krav frå bygdene ikring vart tunnelen på Ramsdalsheia opna att nokre år seinare. Bompengeinnkrevinga vart avslutta i 2010. Då var vegutbetringa nedbetalt.

I 15 år måtte bilistane betale på bomstasjonen på Svarhumle for å køyre mellom Førde og Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 15 år måtte bilistane betale på bomstasjonen på Svarhumle for å køyre mellom Førde og Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bomvaktene på Svarthumle miste jobben sin då veglånet var nedbetalt i 2010. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bomvaktene på Svarthumle miste jobben sin då veglånet var nedbetalt i 2010. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utbetring av riksveg 5

frå Florø til Naustdalstunnelen har vore eitt av dei store vegpanlegga i Sogn og Fjordane etter 1998. Men alt i 1985 vart ei rasfarleg strekning sikra med tunnel gjennom Sundefjellet (1883 meter). I 1999 vart den 269 meter lange Helgøytunelen lengre vest strossa ut. Frå Florø sentrum til Brandsøy vart vegen framom Krokane nedlagd som riksveg, og det vart bygd ny riksveg på nordsida av Brandsøyåsen. Heile vegsambandet Florø- Førde med gul midtstripe var fullført og opna av samferdsleminister Torill Skogsholm (V) i juli 2005.

På den gamle riksvegen mellom Grov og Eikefjord finn vi Hatlesettunnelen på 41 meter og Grovanestunnelen på 47 meter.

Helgøytunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helgøytunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2010