Hopp til innhold
X
Innhald

Vegutløysing til Veitastrond

Om sommaren er det rein idyll å køyre vegen til Veitastrond, men om vinteren kan det vere eit mareritt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Om sommaren er det rein idyll å køyre vegen til Veitastrond, men om vinteren kan det vere eit mareritt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1936 starta bygging av veg fram til Veitastrond, og den vart offisielt opna i 1956.

Frå arbeidet med Veitastrondvegen. Ukjend fotograf.

Frå arbeidet med Veitastrondvegen. Ukjend fotograf.

Vegen til Veitastrond vart opna i 1956 av fylkesmann Nikolai Schei (med ryggen til). Foto: Jon Skagen.

Vegen til Veitastrond vart opna i 1956 av fylkesmann Nikolai Schei (med ryggen til). Foto: Jon Skagen.

Etter rasvintrane 1979 til 1981 vart det gjort eit krafttak for å fonnsikre vegen langs Veitastrondvatnet. Fram til 1987 vart det bygt i alt fire tunnelar framom dei verste fonnene: Bergaskreda 510 meter, Stølsneset 969 meter, Svori (røyrtunnel) 170 meter og Merkeskreda 1537 meter.

I snørike vintrar er det ekstrem rasfare på Veitastrondvegen. 2008 var ein slik vinter. Dette er eitt av fleire ras som stengde vegen i vekesvis. Foto: John Molland.

I snørike vintrar er det ekstrem rasfare på Veitastrondvegen. 2008 var ein slik vinter. Dette er eitt av fleire ras som stengde vegen i vekesvis. Foto: John Molland.

Luftputebåt

Men trass dette står det framleis att lange strekningar som er utsette for snøskred, og Veitastrond-vegen er framleis fonnfårleg. Difor vart det i 2000 kjøpt ein liten luftputebåt frå Sverige som vert sett inn i passasjer- og varetransport over det islagde vatnet når snøskreda trugar fylkesvegen.

Luftputebåten som vart kjøpt har kome til nytte fleire rasvintrar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luftputebåten som vart kjøpt har kome til nytte fleire rasvintrar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011