Hopp til innhold
X
Innhald

Vik med postadresse ”Flesche”

Postmannen med posten i ei skulderveske på Vikøyri ca. 1880. Ukjend fotograf. Frå arkivet til Bergens Tidende.

Postmannen med posten i ei skulderveske på Vikøyri ca. 1880. Ukjend fotograf. Frå arkivet til Bergens Tidende.

Vik fekk postopneri i 1844 med eige stempel «Viig i Sogn» etter at Vik formannskap i 1839 sende sin første søknad om å få postopneri til bygda. Men postadressa for Vik hadde då i fleire år vore «Flesche», sjølv om postopneriet låg på Vikøyri.

Forklaringa på denne «namneforvirringa» var at då ein starta den rodde postruta inn Sognefjorden på slutten av 1700-talet, så var det naturleg at postsekken til midtre Sogn vart lesst av ved den gamle fute- og offisersgarden Flesje, like vest for Balestrand.

Dampskipskaia med posthuset i Vik. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Dampskipskaia med posthuset i Vik. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Då Vikøyri ut på 1800-talet var i vokster samstundes som Flesje tapte si betydning, vart det meir naturleg å ro inn til Vikøyri med posten. Dette tideskiftet gjorde at regjeringa i 1844 avgjorde at ......«det paa Flesche oprinnelige oprettede Postaabneri, som i flere Aar hafer vært plasseret paa Vigøren, skal fra 1.10.1844 flyttes tilbage til Flesche, og nyt Postaabneri opprettes i Viigs prestegjeld». Det er grunn til å tru at det har vore ein lokal drakamp mellom sør- og nordsida av fjorden kring dette statlege kompromisset.

- Les meir om dette under Balestrand kommune: Det første postkontoret kom på Flesje.

Den første kjende poststyraren i Vik var oberst Christen Christensen frå 1854. Poststempelet var «Viig i Sogn» fram til 1848, då namnet vart endra til «Vig i Sogn», og frå 1889 til «Vik i Sogn». Vik vart underpostkontor i 1973, men fekk tilbake status som postkontor i 1974.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011