Hopp til innhold
X
Innhald

Vik med privat rikstelefon i starten

I dette huset var den første telegrafstasjonen i Vik. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

I dette huset var den første telegrafstasjonen i Vik. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjerstine Vange på telefonsentralen i Vik. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjerstine Vange på telefonsentralen i Vik. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Det private telefonselskapet Vestlandske Telefonkompani bygde telefonline Voss-Vik i 1892. «Vestlandske» hadde i 1889 bygd ei line Voss-Gudvangen, og dreiv telefonstasjonane både i Vik og Gudvangen (sjå Telegraf og telefon i Aurland).

Bak Vestlandske Telefonkompani stod ingeniør Jens Sigfred Hopstock som hadde nær slekt i hotellfamilien Hopstock i Vik. Vestlandske Telefonkompani kom i økonomiske vanskar, og lina og telefonstasjonen i Vik vart tekne over av Telegrafvesenet i 1898.

Lina over Vikafjellet vart ombygd i 1930-åra. Kring 1950 var det omlag 100 telefonnnummer i bruk i Vik. Men det kunne vere opptil fem abonnentar på kvart nummer. I brislingfisketida var det ofte kø av fiskarar som skulle ringje heim frå stasjonen i Vik. I 1959 vart telefonstasjonen i Vik flytta over til det nye kommunehuset.

Telefonen i Vik vart automatisert i 1979 og knytt til fjernvalnettet. Abonnentane oppover Orvisdalen fekk automattelefon i 1977 og vart knytte til fjernvalnettet i 1979, samstundes med resten av Vik-bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011