Hopp til innhold
X
Innhald

Vik-Vangsnes

Frå arbeidet på veganlegget Vik-Vangsnes. Frå venstre Per P. Hovland, Endre Djuvik, Rognald Djuvik og oppsynsmann Nundal frå Hafslo. Ukjend fotograf, eigar: Teodor Hovland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Riksvegen Vik-Vangsnes vart opna i 1946. Frå 1940 var det køyrande veg mellom Vik og Vangsnes. Då var nyevegen ferdig til Djupvik, og derfrå gjekk ein dårleg bygdaveg til Vangsnes. Det var eit gamal vegkrav som då vart oppfylt.

Første gongen Vik og Balestrand kommunestyre drøfta veg Vik-Vangsnes, var i 1890.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.01.2010